Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. SpesialkostChevronRight
  4. Mat med tilpassa konsistensChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Geleringskost

Geleringskost gir vi til pasientar som har problem med å svelgje, pasientar med kreft og til slagpasientar.

kollasj med bilder av mat som passer til geleringskost

Geleringskost

Geleringskost gir vi til pasientar som har problem med å svelgje, pasientar med kreft og til slagpasientar.

Mat som kan formast, er lettare å ete enn flytande kost. Geleringskost har ei blaut og samanhengande form. Eksempel på slik kost er pudding, gelé, fromasj, grateng utan klumpar, mousse og krem.

Denne kosten skal ha same næringsinnhaldet som normalkosten. I nokre tilfelle må vi ha i ekstra næring for å oppnå dette. Det kan vere ei utfordring å lage variasjon i denne typen kost. For å få gelékonsistens kan ein for eksempel mose kjøtt med kjøttkraft til ein flytande konsistens og tilsetje Thicken up (eller andre tjukkingsmiddel). Ein kan bruke former slik at maten får den opphavlege forma tilbake. Viss ein for eksempel mosar kyllinglår, kan ein leggje mosen i former som er forma som eit kyllinglår. Ein kan førebu eit heilt brett om gongen og fryse det ein ikkje skal bruke der og då. Thicken up toler at produktet blir varma opp igjen. Potetmjøl og gelatin kan ein òg bruke som bindemiddel. Thicken up kan òg brukast i kaffi, te og juice.

Forslag til dagsmeny

Frukost

  • 1 porsjon tjukk graut med smør og sukker på
  • 1 glass lettmjølk
  • 1 glass juice

Mellommåltid

  • 2 halve skiver brød dyppa i Thicken up:
    • 1 med leverpostei
    • 1 med smøreost
  • 1 glass kefir med Thicken up

Lunsj

  • Dagens suppe med Thicken up
  • 1 glas mjølk med Thicken up
  • Kaffi/te med Thicken up

Middag

  • Potetmos
  • Grønsakpuré
  • Kjøtt/fisk i puddingform
  • Saus
  • Gelé med vaniljekrem

Kaffi/te

  • Kaffi med Thicken up
  • Kaffimat med Thicken up

Kvelds

  • 1 porsjon tjukk graut
  • 1 glass h-mjøk med Thicken up
  • Kaffi/te med Thicken up
Tallerken med rømmegrøt. Foto.
Rømmegraut.

Læringsressursar

Mat med tilpassa konsistens

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter