Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. SpesialkostChevronRight
  4. Mat med tilpassa konsistensChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Findelt kost

Ein må tilpasse den findelte kosten etter kva behov den enkelte pasienten har. Findelt kost skal ha same næringsinnhaldet som kvardagskosten.

kollasj med bilde av mat til findelt kosthold

Findelt kost brukes til

  • pasientar med dårlege tenner
  • pasientar med tyggjeproblem
  • pasientar med sår i munnhole og svelg (for eksempel kreftpasientar)

Hugs at ein må tilpasse den findelte kosten etter kva behov den enkelte pasienten har. Det er viktig å ikkje mose maten meir enn nødvendig. Findelt kost skal ha same næringsinnhaldet som kvardagskosten. Hugs at findelt og mosa mat har dårlegare næringsverdi enn mat som ikkje er like findelt og godt kokt. Det er viktig å servere findelt kost slik at utsjånaden og fargen stimulerer appetitten. Ein bør derfor mose ingrediensane kvar for seg. Bruk gjerne former når du legg opp maten. Ikkje mos alle ingrediensane saman, for då blir resultatet svært dårleg.

For somme pasientar må all mat mosast. For andre pasientar kan det vere nok å servere maten med ekstra saus slik at dei kan mose maten sjølve. I nokre tilfelle kan du godt servere brød utan skorpe, eller du kan bruke graut. Grønsakene må vere godt kokte. Pasienten kan anten mose desse sjølv eller få dei ferdig mosa. For å sikre at pasientane får nok energi kan ein tilsetje fløte, smør, egg eller rømme i grønsakene. Server aldri heilt kjøtt. Kjøttkaker kan du for eksempel enkelt mose med gaffel, men heilt kjøtt må du mose i ein miksar. Det same gjeld for fiskemat.

Så det aller viktigaste: Gjer maten så delikat som mogleg, og bruk gjerne former. Bruk òg gjerne pynt i tillegg. Viss pasienten ikkje ønskjer å ete pynten, kan han eller ho leggje han til side. Sjå gjerne på bilete frå restaurantar for å få inspirasjon.

bilde av Leverragu med brokkoli og potetmos
Leverragu med brokkoli og potetmos

Menyforslag

Frukost

  • 4 halve skiver brød med plantemargarin
    • 1 med smørjeost
    • 2 med leverpostei
    • 1 med syltetøy
  • 1 glas lettmjølk
  • 1 glass juice
  • Kaffi/te

Mellommåltid

  • 1 fruktyoghurt eller 1 smoothie

Lunsj

  • 2,5 dl blomkålsuppe
  • 2 halve skiver brød med plantemargarin:
    • 1 med smørjeost
    • 1 med leverpostei
  • 1 glass lettmjølk

Middag

  • 2 mosa poteter
  • 150 g mosa grønsaker
  • 100 g mosa fisk eller kjøtt
  • Rikeleg med saus
  • Karamellpudding

Kaffi/te

  • Kaffi/te
  • Formkake

Kvelds

  • 4 halve skiver brød med plantemargarin:
    • 2 med fiskepudding
    • 1 med smørjeost
    • 1 med syltetøy/banan
  • 1 glass lettmjølk
  • Kaffi/te
bilde av kostsirkelen
Kostsirkel

Læringsressursar

Mat med tilpassa konsistens

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter