Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. AmerikaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Amerika

Det var spanjolane som tok med seg drueplanten til Amerika. Den første drua som blei brukt, kalla dei Mission, «misjonærdrua», sidan vin var ein viktig del av nattverden.

bilde av vinmarker og vingård

Vinranker eller druer?

Sjølv om vi nordmenn veit at det var Leiv Eiriksson som oppdaga Amerika, og sjølv om nokre av vikingane overvintra, busette dei seg ikkje der. Ifølgje den islandske Grønlendinga saga blei landet kalla Vinland fordi ein av Leiv Eiriksson sine menn fann vinranker og druer der. Helge Ingstad, som har forska på dette, trur for sin del at det kan ha vore store ripsbær dei fann.

Conquistadorane

Når det gjeld den europeiske innvandringa og dyrking av vindruer, må vi altså gå til Christopher Columbus, spanjolane og portugisarane, som var dei første som slo seg ned. Det begynte på Bahamasøyane og heldt fram vidare over dei vestindiske øyane til Mexico. Derfrå heldt dei spanske soldatane (conquistadorane) fram med erobringane og nedslaktingane av indianarane sørover og sidan litt nordover i California. Offisielt la dei beslag på nytt land for å omvende heidningane til kristendommen, men eigentleg var det jakta på rikdom som var drivkrafta.

Misjonærdrua

Saman med soldatane var det prestar og munkar som skulle ta seg av den religiøse sida av omvendinga, mellom anna nattverden. Til det trongst det vin, og derfor hadde dei òg med seg drueplantar som ble planta etter kvart. Den første drua som blei brukt, kalla dei Mission, «misjonærdrua», og var teken med frå Europa.

kart over vinområdene i USA
Kart over vinområda i USA

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff