Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. Ungarn ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ungarn

I Ungarn treffer vi ein del druetypar som er spesielle for Aust-Europa, og som i mange andre av desse landa har vinproduksjon lang tradisjon.

Vingård i Ungarn. Foto.

Historikk

Kart over vinområdene i Ungarn. Foto.
Kart over vinområdene i Ungarn.

I Ungarn reknar ein med at det har gått føre seg vinproduksjon i 4000 år. I desse åra har ulike folkegrupper hatt herredøme over landet, slik at omfanget av vindyrkinga har variert noko. Under tyrkarane (muslimar) sin okkupasjon stod det dårleg til med produksjonen. I kommunistperioden gjekk det derimot bra, då ein del private hadde høve til å drive verksemda si.

Vinregionar

Det finst 20 vinområde (Minöségi Bor) med kvalitetsvin frå definerte område. Vi skal berre ta for oss dei som er mest aktuelle for oss.

Tokaj

Frå gammalt av har Tokaj vore den store ungarske vinen. Han har blitt omtalt som «vinkongen, kongevinen». Den edlaste gjekk stort sett til fyrstehusa i Europa, og den russiske tsaren hadde ei eiga avdeling soldatar som vakta transporten av Tokaji Essencia til St. Petersburg.

Med Tokaj-vin tenkjer vi først og fremst på dei søte Aszú-vinane, men det blir òg laga noko tørr vin. Druene som blir brukte, er mest Furmint, men òg noko Hárslevelu. Utgangspunktet for den søte vinen er druer med edelròte. Det blir hausta inn klasar med botrytisangrep. Dei angripne druene blir plukka av og lagde for seg i bøtter (puttons) som tek 25 kg. Av dei andre druene blir det laga ein vanleg tørr kvitvin. Safta som eventuelt har runne av dei botrytisangripne druene, blir tappa frå og kalla Essencia. Resten blir knadde til ein fruktmasse. Så blir den tørre kvitvinen sett til frå tre til seks bøtter med den søte fruktmassen som først er blitt løyst opp i litt annan vin og klara. Vinen blir gjæra i 3–6 månader og så lagra i minst 5 år.

Det spesielle med Aszú-vinane er at dei har eit visst innhald av syre saman med det søte. Det gir ein viss balanse mellom det søte og det friske. Dei er òg relativt alkoholsterke, frå 13 til over 15 prosent utan tilsetjing av sprit.

Eszencia som renner ut av Aszudruer. Foto.
Eszencia renner ut av Aszudruer i Tokaj, Ungarn.

Tokaj 200

Det blir laga ein endå meir spesiell søt vin av Essenciaen. Med eit sukkerinnhald på over 600 gram per liter blir sukkerkonsentrasjonen så høg at det må ein heilt eigen gjærsopp (Tokaj 200) til for å få til gjæring. Gjæringa går svært sakte og kan ta fleire år. Vinskribenten Tom Stevenson skriv at han fekk smake ein vin som hadde gjæra i 13 år og berre hadde oppnådd ein alkoholstyrke på 2 prosent.

Eger

Området Eger ligg nordaust i landet rundt den gamle festningsbyen Eger. Som nemnt tidlegare var Ungarn ei tid okkupert av tyrkarane, men dei klarte ikkje å erobre Eger. Historia fortel at tyrkarane såg at forsvararane av byen drakk noko raudt tjuktflytande som gav dei kampmot. Angriparane trudde dei drakk okseblod, og gav opp kampen. Det var ikkje blod, men vinen til byen, Egri Bikavér, forsvararane drakk. Sidan har altså vinen blitt kalla «okseblod». Det finst fleire produsentar, så kvaliteten kan variere, men stort sett er det ein kraftig, robust og mørk vin med kryddersmak frå drua Kadarka. På polet finst òg ein litt søtleg type laga på Merlot-druer.

Kjennler med rader av vintønner.foto.
Vintønner i Eger, Ungarn

Balaton

Balaton er ein stor sjø som ligg sørvest for hovudstaden Budapest. Det ligg fleire vinområde rundt sjøen, men det er Badascony i nord, med vulkansk jord, som blir rekna som det beste. Produksjonen er ganske variert, men mesteparten er halvtørr kvitvin med noko friskleik og fylde og litt «austleg» kryddersmak. Det blir òg laga ein del søte vinar. Drua Italiensk Riesling er dominerande, men òg Furmint, Szürkebarát (Pinot Gris) og Rheinriesling.

Lenger nord i landet, rundt Mór, blir det òg laga ein del brukande tørre kvitvinar av mellom anna Chardonnay og Sauvignon Blanc. Ei rekkje store vinprodusentar frå Vest-Europa har dei seinare åra investert i Ungarn. Dette vil nok medverke til større kvalitet og stabilitet.

Til mat

Ein seier at til lokal mat passar lokal drikke best, og det gjer det så avgjort i Ungarn, som gjerne blir kalla landet til paprikaen. Rettnok er paprikafrukta kommen til Ungarn frå Amerika via Tyrkia, men det er ikkje noko anna land der ho blir så mykje brukt. Ho finst i allslags fargar, fasongar og smaksvariantar, frå den milde søte til den som brenn på tunga.

Egri Bikavér

Mykje av den ungarske maten er kraftig og smaksrik, som gulasj og gryteretter. Grunnlaget er gjerne paprika, kvitløk, løk, tomat og olje eller feit kraft. Med dette som utgangspunkt blir det laga retter av okse, kalv, svin, fugl eller fisk. Til dette er ein skikkeleg Egri Bikavér ypparleg.

Eger Merlot

Søtleg, rund og ikkje for mykje tannin, går greitt til kvitmuggostar og milde kjøttretter der det for eksempel er brukt edelsüsspaprika

Balaton, halvtørr

Fisk med litt smak, fjørfe, orientalsk mat.

Balaton, tørr

Fisk og skaldyr.

Tokaj

Dessertostar, smaksrike bær, fruktdessertar, friske molter.

For importerte druer (Chardonnay, Sauvignon osv.) blir bruken slik det er forklart under opphavsland.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Australia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Frankrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bordeaux

  • SubjectMaterialFagstoff

    Chablis

  • SubjectMaterialFagstoff

    Loire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Alsace

  • SubjectMaterialFagstoff

    Champagne

  • SubjectMaterialFagstoff

    Italia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Piemonte

  • SubjectMaterialFagstoff

    Veneto

  • SubjectMaterialFagstoff

    Portugal

  • SubjectMaterialFagstoff

    Spania

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tyskland

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rhindalen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Afrika

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bulgaria

  • SubjectMaterialFagstoff

    Austerrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff