Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. Franken og tysk vin til matChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Franken og tysk vin til mat

I regionen Franken ligg Würzburg, ein av dei mest kjende vinbyane i verda. Her finst det nokre fantastiske vinkjellarar med flotte gamle vinar, mellom anna ein frå 1778 og ein frå 1540.

Franken

Kart over vindistriktene i Tyskland. Foto.
Kart over vindistriktene i Tyskland.

Ved byen Mainz (jf. Rheinhessen) kjem elva Main ut i Rhinen. Dreg vi austover langs elva, kjem vi til regionen Franken med byen Würzburg som er ein av dei mest kjende vinbyane i verda. Her finst det nokre fantastiske vinkjellarar med flotte gamle takmåleri og flotte gamle vinar, mellom anna ein frå 1778 og ein frå 1540. Vinen frå 1540 blei prøvesmakt for 10–15 år sidan og var då fullt drikkeleg! Dette er veldig søte vinar (sukker aukar haldbarheita og fungerer som konserveringsmiddel).

Franken er likevel ikkje lenger kjend for søte vinar, tvert imot er det dei tørre som pregar regionen. Dei er friske og smaksrike, og det blir sagt at dei liknar på burgunder. Dei blir tappa på spesielle flasker, Bocksbeutel. Det er flate, runde flasker som minner om dei som blir brukte til kvitvin og rosévin i Minho, Portugal. Den mest berømte vinmarka heiter Stein og ligg i Würzburg. Dette har ført til at mange kallar all Franken-vin for Steinwein, noko som altså eigentleg ikkje er rett. Dei mest brukte druene er Müller-Thurgau og Silvaner.

Tysk vin til mat

Når vi skal anbefale mat til tysk vin, må vi ta omsyn til både druer og søtleiksgrad. Dette gjer at vi kanskje heller bør vurdere den enkelte vinen enn regionen, men noko generelt kan vi seie.

Moselvin

Dei tørre og halvtørre vinane passar til skaldyr og fiskeretter som ikkje er for kraftige. Dei halvtørre passar til skaldyrcocktail og fisk med litt meir smak, orientalsk mat og buffet.

Rhinskvin

Kan brukast omtrent som moselvin, men større fylde gjer at dei kan tole noko meir smaksrik mat.

Rheinhessen og Rheinpfalz

Er forholdsvis robuste og går til fisk, fjørfe og orientalsk mat.

Franken

Tørre vinar som passar til skaldyr og fisk.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff