Elva Mosel strekkjer seg frå Koblenz i nord til Trier og grensa mot Frankrike i sør. Ho slyngjer seg som ein orm, og kjende vinbyar frå listene til Vinmonopolet ligg på rekkje og rad.
Mosel

Når regionen har tre namn, Mosel-Saar-Ruwer, kjem det av at han har namn etter tre ulike elvar. Mosel er den største og den som har hatt mest å seie. Saar og Ruwer er sideelvar som renn inn i Mosel.
Vidare er det den midtarste delen av Mosel, rundt Bernkastel Kues, som blir rekna som den beste. Han blir gjerne samanlikna med Rheingau.
Spesielt høgt verdsett blir vin frå vinmarka Doktor som stig bratt opp frå Bernkastel, men det finst kjende vinmarker og ypparlege vinar langs heile elva.
Kjende vinbyar
- Zell med Schwarze Katz
- Reil med vom Heissen stein
- Zeltingen med Sonnenuhr
- Piesporter med Michelsberg
- Trittenheim med Apotheke
- Klüsserath med St. Michael
Alkoholsvak og frisk
Moselvinane er gjerne alkoholsvake (9–10 prosent), men friske og elegante med god bouquet. Dette gjeld særleg dei som er laga på Riesling-drua, men gode vinar blir òg laga av Müller-Thurgau, Elbing og Kerner. I Moseldalen blir det gjerne brukt grøne flasker. Mesteparten av vinen er halvtørr, men det finst òg mange søtlege (lieblich) og søte. Det blir dessutan etter kvart produsert ein del brukande tørre.
Læringsressursar
Vinområde
Fagstoff
Australia
KjernestoffFrankrike
KjernestoffBordeaux
KjernestoffSt. Émilion og Pomerol
KjernestoffBourg og Blaye, Sauternes og Entre-deux-mers
KjernestoffBurgund (Bourgogne)
KjernestoffBeaujolais og Mâconnais
KjernestoffChablis
KjernestoffCôtes du Rhône
KjernestoffLoire
KjernestoffAlsace
KjernestoffChampagne
KjernestoffMusserande vin
KjernestoffItalia
KjernestoffPiemonte
KjernestoffVeneto
KjernestoffEmilia-Romagna, Toscana og Marche
KjernestoffLazio, Puglia og Sicilia
KjernestoffPortugal
KjernestoffVinregionar i Portugal
KjernestoffSpania
KjernestoffTyskland
KjernestoffTysklands vinlov
KjernestoffRhindalen
Kjernestoff- Kjernestoff
Mosel-Saar-RuwerDu er her
Franken og tysk vin til mat
KjernestoffAfrika
KjernestoffBulgaria
KjernestoffAusterrike
KjernestoffUngarn
KjernestoffDet austlege Middelhavet
Kjernestoff