Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rhindalen

I Rhindalen finn vi vindistrikta Rheingau, Rheinpfalz, Rheinpfalz og Nahe.

bilde av en Vingård i Bacharach
Vingard i Bacharach, midt-Rhinen

Rheingau

Kart over vindistriktene i Rhindalen. Foto.
Kart over vindistriktene i Rhindalen.

Rheingau er eit av dei minste distrikta i areal, men eit av dei store når det gjeld kvalitet. Ved Rheingau gjer elva ein sving slik at området ligg vendt mot sør (får mykje sol) og er godt verna mot nordavind. Dette saman med godt jordsmonn gir ypparlege dyrkingsforhold. Her finn vi derfor nokre av dei best kjende slotta og vinmarkene i Tyskland som Schloss Vollrads, Schloss Johannisberg og Kloster Eberbachs Steinberg. Ein svært kjend vinby er Rüdesheim.

Det er særleg Riesling-druene som gjer seg gjeldande. Nokre av dei beste produsentane har slege seg saman i eit Charta-forbund der føremålet er at vinane skal vere dei beste i regionen. Dei bruker berre Riesling-drua, og vinen må gjennom svært strenge analysar og smakstestar før dei kan marknadsførast som chartavin. Generelt kan vi seie at vinar frå Rheingau balanserer godt mellom fastheit, fylde og fin friskleik.

Rheinpfalz

Distriktet Rheinpfalz ligg rett over elva frå Rheingau og strekkjer seg frå byane Bingen og Mainz ned til Worms med si Liebfrauenkirche. Det er eit av dei distrikta som har størst produksjon, ikkje minst på grunn av at ei rekkje store liebfraumilchprodusentar finst her, for eksempel Madonna, Blue Nun og Black Tower. Dessutan er Nierstein og Oppenheim kjende namn på pollistene.

Namnet Liebfraumilch har opphavet sitt frå vinmarkene rundt Liebfrauenkirche (Vår kjære frues kyrkje) i Worms. Med «vår kjære frue» blir det sikta til Jomfru Maria. Ved sida av kyrkja låg det eit munkekloster der munkane laga vin, og dei blei kalla «Liebfrauenmönch». Endinga har seinare endra seg frå mönch til milch. Det har etter kvart vist seg at nemninga «jomfrumjølk» er blitt eit mykje betre salsobjekt enn «munkevin».

Generelt sett kan vi seie at vinane har god fylde og bouquet og er meir robuste enn den elegansen vi finn i Rheingau og Mosel. Det blir brukt fleire typar druer, men Müller-Thurgau og Silvaner blir mest brukte og dessutan Riesling og Scheurebe med fleire. I tillegg til halvtørre Liebfraumilch blir det etter kvart produsert ein god del brukande tørre vinar og sjølvsagt òg søtare vinar.

Ruiner av slottet Metternich og Müller-Thurgau vinstokker.

Rheinhessen

Frå Rheinpfalz går vi rett over i Rheinhessen som òg er eit av dei største distrikta i produksjon. Generelt er vinane halvtørre, fyldige, robuste og gjerne òg alkoholrike, men det blir i tillegg laga ei rekkje absolutt brukande tørre og søte vinar. Det blir òg produsert noko raudvin av druene Spätburgunder, Dornfelder og Roter Portugieser. Til kvitvin blir det òg her brukt Müller-Thurgau, Silvaner, Riesling, Kerner og Scheurebe med fleire. Kjende vinbyar er Bad Dürkheim, Deideheim og Neustadt.

Nahe

Dreg vi opp i høgdedraga vest for Rheinhessen, kjem vi til Nahe, som er litt større enn Rheingau i areal. Det ligg mellom Rhin og Mosel, og vinane herifrå kan seiast å ha noko frå begge desse. Dei har den friske syra til Mosel, fylden til Rheinhessen og i nokon grad òg elegansen til Rheingau. Mykje brukte druer er Müller-Thurgau, Riesling, Silvaner, Kerner og Bacchus. Bad Kreuznach og Schloss Böckelheim er kjende vinnamn.

Høsting av druer til isvin. Vinranker i åsen og vinflaske.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Australia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Frankrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bordeaux

  • SubjectMaterialFagstoff

    Chablis

  • SubjectMaterialFagstoff

    Loire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Alsace

  • SubjectMaterialFagstoff

    Champagne

  • SubjectMaterialFagstoff

    Italia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Piemonte

  • SubjectMaterialFagstoff

    Veneto

  • SubjectMaterialFagstoff

    Portugal

  • SubjectMaterialFagstoff

    Spania

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tyskland

  • SubjectMaterialFagstoff

    Afrika

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bulgaria

  • SubjectMaterialFagstoff

    Austerrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ungarn

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff