Her får du ein kort presentasjon av vinområda Penedès, Costers del Segre og områda ved middelhavskysten, sør for Penedès.

Penedès
Vinområdet Penedès ligg mot Middelhavet i den nordlege landsdelen Catalonia, rett sør for byen Barcelona. Etter Rioja er dette det mest kjende svakvinsdistriktet i Spania. Her blir det laga både raud, kvit, rosé og musserande vin. Villafranca er den mest kjende byen i området, og det er særleg to namn som har gjort han kjend: Torres og Raventos. Begge har fleire gonger revolusjonert vinverda.
Cava
Cava er namnet på spansk vin laga etter champagnemetoden, og 90 prosent av cavaproduksjonen kjem herfrå. Kjende merke er Frexinet, Codorniu og Delapierre. Dei overraska marknaden med kvaliteten sin i forhold til prisen for nokre tiår sidan.
Til raudvin blir det brukt mykje av dei same druene som i Rioja, men òg ein god del Cabernet Sauvignon og noko Pinot Noir. Vinane er gjerne rundare og fruktigare enn Rioja og ikkje fullt så eikeprega.
Kvitvinane har ikkje blitt like kjende som dei raude, men dei er friske, tørre og har bra kvalitet. I tillegg til dei spanske druene Xarello og Maccabeo blir mellom anna Chardonnay og Riesling brukte.
Torres
Torres er eit stort vinnamn. Firmaet har òg eigedommar i andre land og verdsdelar. Dei blei verdskjende då dei i 1979 vann vinolympiaden i Paris med sin Gran Coronas Black Label føre heile den franske eliten. Han konkurrerte altså mot vinar som kosta opptil fem gonger så mykje. Frankrike har ikkje vilja delta i nokon vinolympiade etter dette. Torres betyr okse på spansk, så derfor har flaskene til firmaet ein okse rundt halsen.
Costers del Segre
Dette området som ligg sørvest i Penedes, var tidlegare saltsletter der det ikkje var mogleg å dyrke noko. Raventos såg moglegheiter her, men det skulle gå 50 år med planting av spesielle grassortar, pløying, planting av buskar, meir pløying, planting av tre, pløying og så til sist: planting av druestokkar. Resultat? Raimat og Bach, raude, kvite og musserande vinar av høg kvalitet og til absolutt akseptable prisar.
Middelhavskysten
Sør for Penedes finst det ei rekkje vinområde som ikkje er så kjende her heime, for eksempel Valencia, Alicante og Tarragona.
I Alicante (kjend turiststad) og Valencia blir det laga ein spesiell vin kalla doble-pasta. Først blir det laga ein rosévin. Han blir tappa frå, og så blir det laga ein kraftig raudvin på skal og stein som er igjen, med lang maserasjonstid. Denne vinen blir så blanda med den lette vinen eller annan vin. Ein periode blei Alicante-vin brukt for å gi fylde til «norsk raudvin».
I Tarragona blir det laga mykje kvitvin, men òg god rosévin. Elles er området kjent for altarvinen sin som blir eksportert til mange land.
Spansk vin til mat
- Rioja: storfe, lam
- Penedes: storfe, lam, hjort, småvilt
- Valdepeñas: storfe, fjørfe, ost, grillmat
- Costers del Segre: storfe, lam, vilt, gryteretter
- Ribera del Duero: vinar med mykje smak, tannin og fylde, krev smaksrik, fyldig mat som viltgryteretter, grill eller annan godt smaksett mat
- Kvitvin: Dei fleste kvitvinane frå områda som er nemnde over, er tørre og friske, så dei går stort sett til fisk, fjørfe, kaldtbord og skaldyr. Nokre vinar frå Rioja kan kanskje vere litt for fyldige for skaldyr.
Druer
Raude druer: Tempranillo (òg kalla Cencibel, TintoFino, Ull de Llebre), Garnacha (Grenache i Rhône), Graciano, Tempranal
Kvite druer: Arien, Xarello, Maccabeo
Læringsressursar
Vinområde
Fagstoff
Australia
KjernestoffFrankrike
KjernestoffBordeaux
KjernestoffSt. Émilion og Pomerol
KjernestoffBourg og Blaye, Sauternes og Entre-deux-mers
KjernestoffBurgund (Bourgogne)
KjernestoffBeaujolais og Mâconnais
KjernestoffChablis
KjernestoffCôtes du Rhône
KjernestoffLoire
KjernestoffAlsace
KjernestoffChampagne
KjernestoffMusserande vin
KjernestoffItalia
KjernestoffPiemonte
KjernestoffVeneto
KjernestoffEmilia-Romagna, Toscana og Marche
KjernestoffLazio, Puglia og Sicilia
KjernestoffPortugal
KjernestoffVinregionar i Portugal
KjernestoffSpania
Kjernestoff- Kjernestoff
Penedès, Costers del Segre og middelhavskystenDu er her
Tyskland
KjernestoffTysklands vinlov
KjernestoffRhindalen
KjernestoffMosel-Saar-Ruwer
KjernestoffFranken og tysk vin til mat
KjernestoffAfrika
KjernestoffBulgaria
KjernestoffAusterrike
KjernestoffUngarn
KjernestoffDet austlege Middelhavet
Kjernestoff