Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. ItaliaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Italia

Italia konkurrerer med Frankrike om å vere den største vinprodusenten i verda, og dei siste åra har Italia vore størst.

Vinlandet Italia

Kart over de ulike vinområdene i Italia. Foto.
Kart over de ulike vinområdene i Italia.

I Italia har det vore produsert vin i eit par tusen år, og dei gamle grekarane kalla landet Oenitoria, vinlandet. Då Italia var eit storrike i romartida, blei vindyrking spreidd vidare utover store delar av Europa. Mat og vinkultur har alltid stått høgt i Italia og har vel eigentleg vore grunnlaget for det franske kjøkkenet. Den italienske prinsessa Katarina av Medici var den som tok i bruk bestikk til å ete med ved det franske hoffet, og sidan blei det vanleg over alt.

Mikroklima

Som nemnt tidlegare har Italia eit enormt vinspekter på grunn av stor variasjon av mikroklima. Men her som elles i EU og resten av vinverda aukar krava til effektivitet og rask forteneste. Dette gjer at mange spesielle vinar er i ferd med å forsvinne. Italienske styresmakter prøver å bremse noko på dette ved hjelp av vinloven. Dei har oppretta ein klasse i loven som tek vare på spesielle lokale vinar, og dei har sett strenge krav til bruk av utanlandske druestokkar. Dersom ein produsent bruker andre enn dei druene som er tillatne i distriktet, vil ein vin hamne i den lågaste klassen uansett kvalitet. Derfor har ein fått den merkelege situasjonen at nokre av dei beste vinane i Italia er plasserte i den lågaste klassen. Om ein italiensk vin har tilføyinga «Classico» på etiketten, vil det seie at han kjem frå den tradisjonelt beste delen av distriktet.

Vinloven

På grunn av det som er nemnt over, er det no snakk om endringar i vinloven, men slik er loven i dag:

Denominazione di Origine Controllata e Garantita (DOCG)

Dette er den høgste klassen og blei oppretta fordi det var for stort sprik i kvalitet på DOC-klassen som etter kvart blei ganske stor. «Garantita» står for garantert kvalitet og omfattar mange toppvinar. (Sjå Super-VdT.) Klassen omfattar no 23 område.

Denominazione di Origine Controllata (DOC)

Denne klassen svarer stort sett til den franske AOC med reglar for druesortar, avkastning, alkoholstyrke, lagring og andre ting. Over 250 registreringar er no gjorde i denne klassen.

Indicazione Georafica Tipica

Denne klassen er forholdsvis ny og blei oppretta for å ta vare på spesielle lokale vinar. Han svarer omtrent til den franske vin de pays.

Vino da Tavola (VdT)

Her finn vi vanleg bordvin, men som nemnt tidlegare finn vi òg nokre av dei beste italienske vinane her. Dei har hamna i denne klassen fordi produsenten har gått ut over regelverket for dei andre klassane. Denne situasjonen har ført til at desse toppvinane blir omtalte som Super-VdT.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff