Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. ChampagneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Champagne

Den kanskje mest kjende franske drikken er champagne. Denne elegante musserande vinen blir produsert i vindistriktet Champagne, som ligg nordaust for Paris.

Champagne

Kart over vinområdet Champagne i Frankrike. Foto.
Kart over vinområdet Champagne i Frankrike.

Vindistriktet Champagne ligg nordaust for Paris, rundt byane Reims og Epernay. Klimaet er påverka av Atlanterhavet og forholdsvis fuktig og kaldt, noko som gir ein svalande verknad om sommaren. Landskapet er svakt bølgjande, og jordsmonnet består av porøs kalk (kritt) dekt av eit tynt lag jord. I berggrunnen av kalkstein blir champagnen lagra i lange utgravne tunnelar som har ei ideell, konstant luftfuktigheit og jamn temperatur på 10 ºC.

Druene

Druetypane ein dyrkar, er:

  • Pinot Noir
  • Chardonnay
  • Pinot Meunier

Område

Det er tre avgrensa område i vindistriktet.

  • Montagne de Reims, som ligg like sør for byen Reims, dyrkar stort sett Pinot Noir, som gir vinar med forholdsvis stor alkoholstyrke og rik smak.
  • Vallée de la Marne, som ligg på nordsida av elva Marne, dyrkar òg Pinot Noir i tillegg til den blå drua Pinot Meuniere. Vinen herfrå gir rike, blaute, modne vinar med rik bouquet, men han manglar noko struktur.
  • Côte de Blanc, som ligg sør for Epernay, dyrkar utelukkande den grøne Chardonnay-drua, som gir vinen friskleik, eleganse og lang ettersmak.
Chardonnay og pinot noir druer som brukes til å lage champagne. Foto.
Chardonnay og pinot noir druer som brukes til å lage champagne.

Dom Pierre Pérignon og Nicole-Barbe Clicquot-Posardin

Desse to namna er uløyseleg knytte til historia til champagnen

Dom Pierre Pérignon

Dom Pierre Pérignon blei i 1668, i ein alder av 29 år, tilsett som skattmeister i klosteret Hautvillers. Benediktinarmunken har fått æra som «oppfinnar» av vinen champagne. Legenda fortel at Dom Pérignon var blind, at han var den første som brukte kork i flaskene, at han sa «eg drikk stjerner», og at han kunne seie kva for vinmark ei drue kom frå berre ved å smake på henne. Det blir òg sagt at det var han som begynte å blande vinane frå dette distriktet i ein cuvée (vinblanding) som gjorde at denne vinen kunne drikkast. Det er sagt mykje om den gode fader Pérignon, men ingen kan garantere sanninga bak mytane.

Nicole-Barbe Clicquot-Posardin

Nicole-Barbe Clicquot-Posardin (Veuve Clicquot – Den gule enke), ei 27 år gammal enkje, var ho som fann opp metoden som gjorde champagnen til heile verdas festivitasvin. Då champagnen var uklar på grunn av botnfallet etter andregongsgjæring på flaske, fann ho opp metoden remuage (skildra under vinifikasjon av champagne). Det blir sagt at ho fekk bora hòl i matbordet sitt og laga det første pupitre (stativet for reumagen). I tillegg fekk ho «marknadsført» champagnen, då ho hadde gode kontaktar i europeiske hoff, spesielt det russiske.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff