Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. AlsaceChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Alsace

Vinmarkene i Alsace ligg vende mot søraust mot Rhinen, og produksjonen ber preg av å liggje nær grensa til Tyskland.

Alsace

Kart over vinområdet Alsace i Frankrike. Foto.
Kart over vinområdet Alsace i Frankrike.

Området ligg nordaust i Frankrike ved Rhinen og ber preg av å liggje nær grensa til Tyskland. Området har veksla mellom å vere tysk og fransk, men har med unntak av under den andre verdskrigen høyrt til Frankrike sidan 1918. Vinmarkene ligg vende mot søraust mot Rhinen, og fjellkjeda Vogensene vernar mot kalde innlandsvindar frå vest. Både klimaet, produksjonsmetodane og druevalet liknar ofte på det vi finn i Tyskland.

Kvitvin utgjer 95 prosent av produksjonen. Vinane er med nokre unntak tørre og får namn etter druetypen dei er laga av. Alsace har fire «edle» druetypar:

  • Riesling er den fremste drua og gir faste, fruktige vinar med ein blomeaktig, kraftig bouquet.
  • Gewürztraminer (Gewürz betyr «krydder») gir vinar med imponerande fylde og er med ein utprega krydra, nesten parfymert smak ein av dei mest karakteristiske vintypane i vinverda.
  • Pinot Gris er òg kalla Tokay d'Alsace, men har ingenting med Ungarns Tokay-drue å gjere. Drua gir kraftige vinar med aromatisk, epleprega bouquet og god fylde. Vinane har dei siste åra blitt motevinar og er gode matvinar.
  • Muscat gir aromatiske vinar med karakteristisk drueduft.
Rieslingdruer. Foto.
Rieslingdruer.

Produksjon

Vinane blir gjæra heilt ut, lagra i 1 år på fat utan å bli stukne om, filtrerte, tappa på flasker og lagra i 1 år før dei kjem på marknaden. Druetypen og namnet på vindyrkaren/eksportøren står alltid på etiketten. Det finst vinar der fleire druetypar blir blanda, dei blir kalla Edelszwicker. Dei musserande Crémant d'Alsace-vinane blir oftast laga av Riesling-drua, dei er oftast tørre og må produserast etter champagnemetoden.

Etter spesielt varme og solfylte somrar hender det at produsentane lèt druene hengje slik at vinen får søtleik. Desse vinane blir kalla vins de vendages tardives (vin av sein druehaust) og kan samanliknast med Tysklands Spätlese. På same måten kan dei søtaste vinane, selection de grain nobles (utvalde edle druer), som er angripne av Botrytis, samanliknast med tyske Beerenauslese.

Til mat

Dei kraftige vinane av Gewürztraminer eignar seg til retter med svinefilet, gås og røykjelaks. I Alsace blir han òg brukt til retter av vilt (rådyr og hjort). Vinane av Riesling og Pinot Gris passar godt til fyldige, smaksrike fiskeretter som salta og grava fisk.

Gravet laks, potetskiver, saus og flatbrød på et fat. foto.
Gravlaks med Ravigottsaus

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff