Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Côtes du Rhône

Côte du Rhône er rekna som det eldste vindistriktet i Frankrike. Fønikarane tok med seg druestokken til distriktet cirka år 600 f.Kr.

Kollasj: Côtes du Rhône
På bildet ser du byen Lyon om natta, hausting av vindruer i Rhonedalen, syrahdruer og middelaldertårnet Tour Philippe le Bel i Avignon

Côtes du Rhône

Kart over Rhônedalen. Foto.
Kart over Rhônedalen.

Området Côtes du Rhône strekkjer seg frå Vienne i nord, langs elva Rhône 200 km til Avignon i sør. Vinane herfrå utgjer den nest største gruppa av fransk kvalitetsvin i dag.

Klassifisering

Klassifiseringa av vinane herfrå liknar klassifiseringa som blir nytta i Beaujolais med Les Crus des Côtes du Rhône som dei beste, Côtes du Rhône villages som dei nest beste og Côtes du Rhône nedst på rangstigen. I tillegg til dei tre hovudappellasjonane har distriktet fleire AOC/AOP-ar og VDQS-ar, som òg blir grupperte som Rhône-vin sjølv om dei ikkje går direkte inn i appellasjonssystemet til Côtes du Rhônes.

Distrikta i Côtes du Rhône

Dei viktigaste vindistrikta i Côtes du Rhône er frå nord:

  • Côte-Rôtie
  • Hermitage
  • Crozes-Hermitage

Vinmarkene ligg ofte i bratte skråningar, og avkastninga er lita. Distriktet er prega av innlandsklima med varme somrar og kalde vintrar. Vidare sørover kjem eit 30 km langt stykke der det ikkje blir dyrka druer. Ved byen Montélimar startar druedyrkinga igjen. Der opnar landskapet seg meir og har middelhavsklima. Der er det enklare å dyrke druer, og avkastninga er større. Kjende distrikt her er Châteauneuf-du-Pape, Tavel og Beaume de Venise.

Côte-Rôtie

Côte-Rôtie (den steikte åssida) er ofte rekna som den fremste vinen i Rhône. Vinane er lagringsdyktige, kraftige og bouquetrike og har ein karakter av fiolar, pepar, trøflar og lakris. Vinane blir stort sett laga av Syrah-drua. Nokre gonger blir vinen blanda med vin frå ein del grøne druer for å få ein mildare karakter. Vinane går gjennom ei forholdsvis lang fatlagring, opptil 3–4 år.

Hermitage og Crozes-Hermitage

Områda Hermitage og Crozes-Hermitage ligg midt mellom Nordpolen og ekvator på 45° nordleg breidd, som er ei ideell plassering. Dei klimatiske forholda er òg dei beste. I tillegg til mykje sol er det passe med regn, og temperaturen er veleigna takka vere at vinmarkene ligg 250–300 moh. Raudvinsdrua er Syrah, og vinane har mykje til felles med Côte-Rôtie-vinane. Også her hender det at det blir blanda i opptil 15 prosent grøne druer. Som unge er vinane fruktige, eldre vin har preg av mandlar og nøtter.

Châteauneuf-du-Pape

En hånd med en rullestein foran en vinmark i Frankrike. Foto.
Her er en av de typiske rullesteinene som gir ekstra nattevarme til druene i Châteauneuf-du-Pape.

Namnet Châteauneuf-du-Pape betyr «det nye slottet til paven». Området ligg nord for byen Avignon og fekk namnet sitt etter at pave Clemens 5. slo seg ned i Avignon på slutten av det 14. hundreåret og bygde seg ein sommarresidens på høgdedraget som seinare fekk dette namnet. Området har dei best kjende vinane i Rhône. Jordsmonnet er spesielt. Runde, glatte, store steinar ligg i eit to meter tjukt lag i nokre av vinmarkene. Steinane både reflekterer solvarmen og magasinerer han og gir varme utover natta. Dette fører til eit høgt sukkerinnhald, noko som igjen fører til høg alkoholrikdom (14-14,5 vol. % alkohol). Vinlovane i Châteauneuf-du-Pape tillèt bruk av opptil 13 druesortar. Den viktigaste drua er Grenage, som gir vinen blautheit, medan Syrah gir ein kraftig, smaksrik karakter.

Raude vinar frå Côtes du Rhône eignar seg godt til kraftige og feite kjøttretter (svineribbe) og smaksrike viltretter.

Tavel

Området Tavel ligg heilt sør i Rhône, vest for Avignon. Det blir berre produsert rosévin av Grenage-drua i Tavel. Vinen blir ofte rekna for å vere den beste rosévinen og er av dei yttarst få rosévinane som kan lagrast. Vinen er tørr med fin fastheit, fyldigheit og eleganse.

Denne rosévinen eignar seg godt til kaldbuffear og til frikassé og sautear av lyst kjøtt og fjørfe.

Beaume de Venise

Distriktet Beaume de Venise lagar ein ypparleg muskatellvin laga etter portvinsmetoden. Druesorten er Muscat de Frontignan. Vinen har ein karakter av såkalla julerosiner. Vinen eignar seg godt til dessertar laga av tørka frukt og til puddingar (diplomatpudding).

Christmaspuddig det er tatt et stykke av. Foto.
Julepudding.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Australia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Frankrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bordeaux

  • SubjectMaterialFagstoff

    Chablis

  • SubjectMaterialFagstoff

    Loire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Alsace

  • SubjectMaterialFagstoff

    Champagne

  • SubjectMaterialFagstoff

    Italia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Piemonte

  • SubjectMaterialFagstoff

    Veneto

  • SubjectMaterialFagstoff

    Portugal

  • SubjectMaterialFagstoff

    Spania

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tyskland

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rhindalen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Afrika

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bulgaria

  • SubjectMaterialFagstoff

    Austerrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ungarn

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff