Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Burgund (Bourgogne)

Området Bourgogne har innlandsklima, men er langstrakt med store variasjoner i lokale klima, jordsmonn, druetyper og vinifikasjon. Burgund har si eiga rangordning av vinane.

Skilt som viser vei til Lyon og Dijon

Burgund

Kart over vinområdet Burgunde i Frankrike. Foto.
Burgund sentrale del.

Området Burgund ligg aust i Frankrike og strekkjer seg 250 km frå Lyon til Dijon. Bourgund er delt opp i desse distrikta (frå sør):

  • Beaujolais
  • Mâconnais
  • Challonais
  • Côte d'Or som er delt i Côte de Beaune og Côte de Nuits
  • Chablis lengst i nord.

Området har innlandsklima, men i eit så langstrekt område er det store variasjonar i lokale klima, jordsmonn, druetypar og vinifikasjon.

Eiga rangordning

Burgund har si eiga rangordning av vinane:

  • Grand cru (stor vekst) er den gjævaste. Vinane kjem frå utvalde vinmarker med så godt klima og jordsmonn at det gir grunnlag for nokre av dei beste vinane i verda. Det blir sett ei grense for avkastninga per hektar. Desse vinmarkene finst berre i Chablis og Côte d'Or. Vinen er merkt med namnet på vinmarka.
  • Premier cru (førstevekst) er den nest beste. Desse vinane er merkte først med namnet på kommunen så namnet på vinmarka.
  • Appelation communale er den tredje rangeringa. Ho gir rett til å bruke namnet på kommunen.

Personleg preg

Vinane frå Burgund blir sjeldan selde med slottsnamn, og berre dei beste får namn etter vinmarka, le climat, som dei stammar frå. Eit spesielt forhold gjer heilskapsbiletet endå meir komplisert. Dei beste vinmarkene er nesten alltid delte inn i parsellar. Markene kan ha 15–20 eigarar, og ikkje sjeldan har eigarane personlege oppfatningar om korleis vinen skal lagast, med den konsekvensen at vinar med det same namnet er forskjellige. Chambertin-vinar som kjem frå to forskjellige produsentar, kan vere ganske ulike. Også når det gjeld vin som høyrer heime lenger nede på rangstigen, er dugleiken til vinhandlaren og vala han gjer, avgjerande.

Chalonnais

Et glass med chardonnay på en vintønne i kjelleren til et vinslott. Foto.
Eit glas med Chardonnay på ei vintønne i kjellaren hos Domain Chavy vingård i Meursault, Frankrike

Distriktet Chalonnais består av fire kommunar som har eigen appellasjon*. Jordsmonnet består av kalkstein og mergel (kalkhaldig leire). For dei kvite vinane er Aligoté druesorten som gir ein grøngul, lett og duftande vin. Raudvinane blir laga av Gamy og nokre av Pinot Noir. * Betyr eigentlig "namn", nemninga brukast om lovregulerte vinområde.

Côte d’Or

Distriktet er delt i Côte de Beaune og Côte de Nuits.

Côte de Beaune

Côte de Beaune er det sørlegaste av dei to Côte d’Or-områda og består av kommunane Meursault, Beaune og Santenay. Jordsmonnet består av kalkstein og mergel. Dei kvite vinane her blir laga av Chardonnay, og vinen er gyllen, tørr, fruktig og duftar blomar. Raudvinane blir laga av Pinot Noir, og vinane er middels fyldige med ein rik, blaut smak og bouquet.

Côte de Nuits

Côte de Nuits er det andre Côte d’Or-området og ligg nord for Côte de Beaume og har 11 kommunar. Dei to viktigaste er Gevrey-Chambertin og Nuits-St. George. Druetypen er Pinot Noir, og det blir for det meste produsert raudvin. Jordsmonnet består av kalkstein og mergel, nokre stader oppblanda med grus og mudder. Det nordlegaste området av Côte de Nuits gir dei rikaste og mest lagringsdyktige raudvinane i Bourgogne. Dei beste vinane er mørke, kraftige og fløyelsaktige med hint av krydder og har ein kraftig, stor bouquet.

Dei beste raude vinane frå Côte d’Or er dei klassiske vinane til kraftige viltretter (vilt og fugl med markert viltsmak som reinsdyr, rype og liknande). Kvitvinane eignar seg godt til smakfulle retter av fisk og skaldyr.

Kollasje: 3 ulike middagsretter. foto.
Rettar som passar til vin frå Burgund.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Australia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Frankrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bordeaux

  • SubjectMaterialFagstoff

    Chablis

  • SubjectMaterialFagstoff

    Loire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Alsace

  • SubjectMaterialFagstoff

    Champagne

  • SubjectMaterialFagstoff

    Italia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Piemonte

  • SubjectMaterialFagstoff

    Veneto

  • SubjectMaterialFagstoff

    Portugal

  • SubjectMaterialFagstoff

    Spania

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tyskland

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rhindalen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Afrika

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bulgaria

  • SubjectMaterialFagstoff

    Austerrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ungarn

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff