Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. Bourg og Blaye, Sauternes og Entre-deux-mersChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bourg og Blaye, Sauternes og Entre-deux-mers

Vinane frå Bourg og Blaye er noko enklare enn vinane frå dei andre områda i Bordeaux. Der blir det produsert mest raudvin, men òg noko kvitvin.

Bilde av vinetikett og uforseglet vinkork fra 1937

Bourg og Blaye

Kart over vinområdet Bordeaux i Frankrike. Foto.
Kart over vinområdet Bordeaux i Frankrike.

Distrikta Bourg og Blaye ligg aust for Gironde. Der blir det produsert mest raudvin, men òg noko kvitvin. Jordsmonnet er variert med innslag av sand, småstein og kalk. Dei raude vinane er lette og forholdsvis rike, og dei blir blaute ved lagring. Vinane frå Bourg og Blaye passar godt til kokt torsk med lever og rogn, ein tradisjonell «raud torskevin». Det er spesielt for Noreg at det blir brukt raudvin til torsk.

Sauternes

Distriktet Sauternes ligg heilt sør i Bordeaux. Jordsmonnet er grus og kalkhaldig leirjord. På grunn av det fuktige klimaet om hausten trivst muggsoppen Botrytis cinerea, og druene gjennomgår såkalla edel rotning (la porriture noble). Druene skrumpar inn til ein rosinliknande storleik med lite væske og høgt sukkerinnhald. Druene blir hausta enkeltvis for hand etter kvart som dei når denne modningsgraden.

Klassifiseringa er som for Médoc, berre med den forskjellen at Château d'Yquem har ein spesiell klasse, grand premier cru, som er spesiell for dei. Det som kjenneteiknar desse vinane, er den store søtleiken og fyldige bouqueten, men at dei likevel har ein viss friskleik.

Sauternes og jordbær. foto.
Vinane frå Sauternes eignar seg til lette dessertar med frukt og bær

Entre-deux-mers

Namnet Entre-deux-Mers betyr «mellom to hav», og her siktar det til området mellom dei to elvane Dordogne og Gargonne. Jordsmonnet er svært samansett, og det blir brukt meir utradisjonelle druetypar, men etter kvart blir Sauvignon Blanc-drua stadig meir brukt.

Vinane er lette, lyse og behagelege og blir mykje brukte som aperitiff og som ein «tørstesløkkjar» ein fin sommardag på terrassen.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Australia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Frankrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bordeaux

  • SubjectMaterialFagstoff

    Chablis

  • SubjectMaterialFagstoff

    Loire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Alsace

  • SubjectMaterialFagstoff

    Champagne

  • SubjectMaterialFagstoff

    Italia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Piemonte

  • SubjectMaterialFagstoff

    Veneto

  • SubjectMaterialFagstoff

    Portugal

  • SubjectMaterialFagstoff

    Spania

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tyskland

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rhindalen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Afrika

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bulgaria

  • SubjectMaterialFagstoff

    Austerrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ungarn

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff