Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frankrike

Frankrike er eitt av dei viktigaste vinlandet i verda. Det blir dyrka vindruer i nesten heile landet bortsett frå nokre område i nord, på nordvestkysten og i nokre fjelldistrikt. Dei store klimatiske forskjellane, forskjellig jordsmonn og druetypar gir eit stort mangfald av vinar.

Kollasj: Frankrike, vin og mat.

Franske vinlovar

vinkart over frankrike
Vindistrikt i Frankrike

For at forbrukarane skal få tillit til varene og ein garanti for at innhaldet på flaskene er i samsvar med opplysningane på etikettane, har dei fleste vinproduserande landa ei kombinert kontroll- og verneordning for vinane sine. Lovverket i Frankrike blir kalla Appellation d'Origin Protegée (AOP). Omkring ein tredjedel av den årlege vinhausten i landet er no AOP-beskytta.

Vinkontrollen har tre hovudfunksjonar:

  • å halde ved like og forsvare kvaliteten på fransk vin
  • å verne vindyrkarane mot at konkurrentar nyttar ein vinetikett på ein dårlegare vin slik at han kan samanliknast eller assosierast med ein vin av høg kvalitet
  • å verne kjøparen frå å bli lurt av ureielege etikettar

Kontrollen omfattar:

  • druesorten som blir planta
  • talet på vinstokkar per hektar land
  • måten vinstokken blir skoren til på
  • den maksimale produksjonen per hektar land
  • korleis områda er avgrensa
  • minimumsinnhaldet av sukker i mosten
  • minimumsinnhaldet av alkohol i den ferdige vinen

Det er òg reglar for annan vin enn AOP-vinane, slik at regelverket no femner om all vinproduksjon. Dei franske vinlovane har danna mønsteret for dei aller fleste vinproduserande landa, spesielt i Europa.

EU har to klassifiseringar for vin, VQPRD (kvalitetsvin frå eit bestemt avgrensa geografisk område) og vins de table (bordvin). Under er ei oversikt over kva desse representerer i forhold til klassifiseringane i dei ulike landa:

Nemningar

EU Fransk Tysk Italiensk
Spansk
VQPRD AOC
Q.m.P. DOCG DOC
VDQS Q.b.A. DOC DO
Vins de table
Vin de pays
Landwein Vino da tavola con indicazione geografica
Vinos de la tierra
Vins de table
Vin de table
Tafelwein Vino da tavola
Vino de mesa

AOP - Appellasjons-systemet har blitt revidert, idet Frankrikes AOC (Appellation d'Origine Contrólée) nå er blitt til AOP (Appellation d'Origin Protegée). Vin de pays, som brukast for vinar som hever seg over vanleg bordvinsnivå, er erstattet av IGP (Indication Geographique Protegée).

Vinen i Frankrike deles inn i fire grupper:

  • Appellation d’Origine Protégée (AOP), tidligere Appellation d’origine (AOC). Dei beste vinane med kontrollert opphav.
  • Vins délimités de qualité supérieure (VDQS) Dei nest beste vinane, ofte vinar «på veg opp». Større avkastning per hektar og lågare alkoholinnhald blir godteke.
  • Indication Geographique Protegée IGP), tidligere Vins de pays (VdP) Gode kvardagsvinar med ein utprega lokal karakter. Vinen skal nemnast med geografisk opphav og fylle krav til alkoholinnhald, druesort og avkastning per hektar.
  • Vins de table (VdT) Bordvin, dei franske kvardagsvinane. Etiketten må vise at vinen er fransk.

I tillegg til dei typane som er nemnde her, finst det andre offisielle kvalitetsinndelingar. Det gjeld spesielt i Bordeaux der det er etablert rangeringslister for fleire av enkeltdistrikta sine vinar. Desse klassifiseringane får du meir informasjon om under dei enkelte distrikta.

Slottstappa vin

Slottstappa vin er produsert og tappa på flaske på den eigedommen der han er laga. På etiketten til ein slottstappa vin vil det stå «Mis en bouteille au Châteu» eller «Mise du Château». «Château¬» betyr eigentleg slott, men nemninga kan ofte erstattast med «domaine» eller «clos». I tillegg er namnet på slottet stempla på korken. Årgangen på vinen vil òg i dei fleste tilfella stå på etiketten. Slottstappa vin med årgang vil variere i kvalitet alt etter klimaet kvart år, utvikling og modning av druene og korleis vinen utviklar seg seinare.

Arbeidere høster inn røde vindruer.foto.
Høsting av druer på vingården Chateau Haut Brion.

Distriktstappa vin

Vin som er produsert og tappa av eit vinfirma (négociant) i eit vindistrikt, blir seld som merkevin frå distriktet. Namnet på vinfirmaet står på etiketten, eventuelt òg slottsnamn og årgangen på vinen. Namnet på vinfirmaet er brent inn i korken. Mange av vinfirmaa blandar og lagrar standardvinane sine med merkenamn for at kvaliteten på vinane skal vere så stabil som mogleg.

Heimetappa vin

Dette er vin som etter produksjon på slottet eller hos vinfirmaa er teken heim av vinimportørar på fat eller tank og tappa på flasker. På etiketten kan det til dømes stå «Mise en bouteilles par Arcus». I tillegg står namnet på produsenten og eventuelt årgang på etiketten.

Måten vinen er tappa på, er ingen garanti for kvaliteten på vinen, berre ei opplysning om kvar vinen er tappa. Vinen kan vere av like god kvalitet om han er tappa av eit slott, eit lokalt vinfirma eller ein vinimportør.

Etiketten gir kunnskap

Ut frå dei kategoriane vinane er grupperte i, gir etiketten dei opplysningane om vinen som er bestemte av den franske vinloven. Vi ser her på døme frå Bordeaux. Seinare ser vi nærare på etikettane for andre distrikt og land.

bilde av 4 franske vinetiketter

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Australia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bordeaux

  • SubjectMaterialFagstoff

    Chablis

  • SubjectMaterialFagstoff

    Loire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Alsace

  • SubjectMaterialFagstoff

    Champagne

  • SubjectMaterialFagstoff

    Italia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Piemonte

  • SubjectMaterialFagstoff

    Veneto

  • SubjectMaterialFagstoff

    Portugal

  • SubjectMaterialFagstoff

    Spania

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tyskland

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rhindalen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Afrika

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bulgaria

  • SubjectMaterialFagstoff

    Austerrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ungarn

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff