Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. BrennevinChevronRight
  5. Naturlig brennevin - whiskyChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Naturlig brennevin - whisky

Dei mest kjende naturlege brennevinstypane er konjakk (brandy, armagnac) som blir laga av vin, whisky (whiskey) der råstoffet nærmast er øl, rom som blir laga frå melasse, restar frå sukkerproduksjon, tequila frå kaktussaft, calvados frå eplevin og kirsch frå kirsebær.

Kollasj: Ett glass med whisky og tønner fra en kjeller.

Skotsk whisky

Destillerings apparater
Destilleringsapparater

Utgangspunktet for whisky er korn som blir malta og gjæra på same måten som øl, men utan at det blir tilsett humle.

Skotsk maltwhisky

Skotsk maltwhisky blir laga av bygg og har ein karakteristisk røyksmak. Han oppstår når det fuktige maltet blir tørka med varme frå kol og torv (tørka jord). Røyken som då blir danna, gir smak til whiskyen. «Ølet» blir destillert to gonger i ein pot still (alambic) til ein styrke på cirka 70 prosent. Deretter blir det lagra i minst 3 år på eikefat. Ein kan òg få 7 år gammal, 10 år, 12 år og eldre. Det finst cirka 100 maltwhiskyprodusentar, og nokre kan vere forholdsvis små. Om produsenten sel whiskyen utan å blande med andre, kallar ein whiskyen single malt. Dette er den typen whiskyekspertar liker best.

Kollasj: Skotsk whisky - Tønner med whisky på Laphroaig destilleri, dekanter med hvitt gull og diamanter og Bruichladdich whiskydestilleri.
Isabella's Islay er verdas mest luksuriøse whisky, og reknas som den dyraste drikk (flaske) i verda. Avbilda er ei flaske med Isabella Special Edition som kostar bare kr 4.000.000 kr. Den er av krystall, kvitt gull og med skrift av diamantar.

Grain whisky

Grain whisky blir i hovudsak laga av kokt, gjæra mais og noko byggmalt. Han blir destillert i kolonneapparat som gir ein ganske nøytral sprit på 95 prosent. Deretter blir han lagra i 3 år. Produksjonen går føre seg ved rundt ti store spritfabrikkar.

Blended whisky

Blended whisky er ei blanding mellom desse to typane. Det finst fleire tusen forskjellige blended whisky som varierer sterkt i farge, fylde og røyksmak. Det kjem an på jordsmonn, vasstype, distrikt og blandingsforhold.

Distrikter

Satelittbilde av sørvest Skottland
Satelittbilde av sørvest Skottland

Whiskyområdet er delt inn i fire distrikt:

  • Highland i den nordlege delen, rundt elva Spey, blir rekna som den beste.
  • Lowland frå den sørlege delen er meir nøytral.
  • Islay frå øya med same namnet på vestkysten er kraftig med mykje røyksmak.
  • Cambeltdown frå halvøya Kintyre på vestkysten er litt mindre kraftig.
Kollasj: Whisky og distrikter

Irsk whiskey

Irsk whiskey blir destillert tre gonger i ein pot still. Han har ikkje røyksmak og blir lagra i minst 5 år før han blir seld. Det blir brukt rug, havre og kveite i tillegg til bygg. Det er denne whiskeyen som skal brukast til Irish coffey.

Kanadisk whisky

Kanadisk whisky blir òg produsert av fleire forskjellige kornsortar. Han blir produsert i kolonneapparat og krev lagring i minst 2 år. Han er mild og elegant på smak.

Amerikansk whiskey

Amerikansk whiskey finst det to hovudtypar av: bourbon og rye. Nokre blir produserte i pot still, men for mesteparten blir det brukt kolonneapparat. Det kan vere eit hint av røyksmak på amerikansk whiskey, men det kjem av at dei brenner fata innvendig.

Kollasj: Amerikansk Whiskey - Glass med Sazerac Rye whiskey, Templeton Rye Whiskey og Spiret mais til whiskey.

Bourbon kjem opphavleg frå distriktet med same namnet i staten Kentucky, men blir no brukt generelt om whiskey som inneheld minst 51 prosent mais. Om han skal kallast Kentucky bourbon, må han vere destillert og lagra der. Straight bourbon er frå eitt destilleri, blended frå fleire.

Ryewhiskey har noko kraftigare smak og er laga av minst 51 prosent rug.

Læringsressursar

Brennevin