Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. BrennevinChevronRight
  5. Aromatisert brennevin - akevitt, gin, likører og bitterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Aromatisert brennevin - akevitt, gin, likører og bitter

Her skal vi sjå på aromatisert brennevin som akevitt, gin, likørar og bitter.

Bilde av 12 glass med forskjellige likører.

Akevitt

Akevitt blir rekna som nasjonalbrennevin i alle dei skandinaviske landa. Råstoffet kan vere korn, eller, som i Noreg, hovudsakleg poteter. Kornet blir malta som til øl, medan potetene blir kokte under trykk for å danne stivelsen om til maltsukker. Væska blir gjæra og destillert i kolonneapparat. Spriten blir redusert til 50 prosent og så destillert ein gong til med små krydderposar inne i apparatet. Det viktigaste krydderet er karve, Nordens krydder, men det er òg vanleg å bruk ei heil rekkje andre.

Det finst to typar akevitt: den brune og den blanke taffelakevitten. Den blanke er kraftigast krydra fordi han skal kjølast ned. Den brune med svakare smak bør drikkast med romtemperatur, særleg om det dreier seg om linjeakevitt. Linjeakevitten blir tappa på sherryfat og send på jordomsegling til Australia og tilbake. Bølgjerullinga og temperaturendringa fram og tilbake over ekvator gjer at smaken endrar seg til det betre. Denne smaken blir øydelagd ved nedkjøling.

Gin

Ordet gin er avleidd av det nederlandske ordet genever (einer). Den nederlandske kongen Vilhelm av Oranien førte med seg genever til England, men det var eit ord engelskmennene ikkje kunne seie, så dei kalla drikken gin. Gin blir no laga over alt i verda, og mykje forskjellig råstoff blir brukt, som korn, mais, potet og druer. Uansett blir væska destillert i kolonneapparat til ein styrke på over 90 prosent. Så blir han redusert til 60 prosent, og væska blir destillert i ein pot still saman med smaksstoff. Det viktigaste smaksstoffet er einerbær, men ein kan òg bruke koriander, appelsinskal, karve, stjerneanis, kininbark og ei rekkje andre smaksstoff.

Gin kjem i tre typar: Old Tom som er litt søtleg (Golden Cock), London Dry som er tørr (Gordons Dry, Silver Rock), og Plymouth som er tørr med ein meir utprega einersmak.

Likører

Likørene har sin opprinnelse fra den tiden en så på sprit som medisin. For å «forbedre» medisinen satte en til forskjellige urter som var kjent for å ha helbredende virkning. Siden ble det også tilsatt ting som skulle gi bedre smak. Det var ofte munkene i klostrene som produserte dette, det var også der en pleide syke mennesker. Siden begynte en kommersiell produksjon av disse drikkene. De forskjellige klostrene og firmaene har sine hemmelige resepter. Men de fleste originalene har sine billigere etterligninger, ofte med nesten like navn og flasker.

Utgangspunkt for likørane er rein nøytral sprit frå kolonneapparat som blir tilsett uttrekk eller oljer frå urter, frø, frukt eller bær, eller naturlege brennevinar som får forskjellige tilsetningar. Vi deler dei inn i desse hovudgruppene:

  • Kaffi-/kakaolikørar som blir laga av knuste bønner: Kahlua, Tia Maria
  • Enkle urtelikørar: Sankta Sunniva
  • Samansette urtelikørar med ei blanding av fleire urter: Dom Benediktiner, St. Hallvard
  • Sitruslikørar: kan vere baserte på berre éi frukt eller blanding av fleire
  • Frukt- og bærlikørar, gjerne selde i sterkvinsstyrke: Lapponia Lakka, M. Brizard Apry, Heering Cherry, Supercassis med fleire.
  • Kremlikørar blir òg selde i sterkvinsstyrke og har blitt ganske mange etter at Bailey kom med ein whiskey- og kremlikør.
  • Andre likørar: Drambuie (whisky) og Seve d'Or (brandy), Advocaat (egg).

For å trekkje ut smaksstoff til likør bruker ein fleire metodar:

  • Press: Olje blir pressa mekanisk ut av appelsin-/sitronskal.
  • Maserasjon: Fruktkjøtt blir lagt på sprit som trekkjer ut smak og farge.
  • Infusjon: Som maserasjon, men her bruker ein oppvarma alkohol.
  • Destillasjon: Smaksstoffet blir destillert saman med spriten.
  • Filtrering: Det skjer omtrent som når vi traktar kaffi, med oppvarma sprit.

Bitter

Bitter-drikkane kan minne om likørane, men er ikkje så søte (minner litt om hostesaft). Dei består av diverse urteuttrekk og har til dels ein magejusterande verknad: Jägermeister, Fernet Branca, Underberg.


Læringsressursar

Brennevin