Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. BrennevinChevronRight
  5. BrennevinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Brennevin

Brennevin blir delt inn i dei to same hovudgruppene som sterkvin, naturleg og aromatisert. Namnet kjem frå «brend vin», altså vin som er varma opp, destillert.

Bilde av flasker med vodka og gin.

Destilering

bilde av kobberkjeler i et whisky destilleri
Caol Ila whisky destilleri

Destillering vil seie å varme ei væske opp slik at ho går over til damp, og så avkjøle dampen så han går tilbake til væske. Vi vil då få ei væske som er reinare enn den vi hadde i utgangspunktet. Det er usikkert når den første destillasjonen blei utført, men det skjedde truleg fleire hundre år f.Kr.

I gammal tid såg ein på brennevin som eit legemiddel, noko namna vitnar om. Både eau de vie, akevitt, whisky og vodka betyr eigentleg «livsens vatn».

Pot still

Når det gjeld destillasjon av alkohol, er det ei vanleg oppfatning at det er arabarane som var først ute. Ordet al cohol har arabisk opphav, og det har òg namnet på den enklaste typen destillasjonsapparat, alambic (på engelsk: pot still). Apparatet består av ein metallbehaldar med ein såkalla svanehals og ein kjølespiral (sjå illustrasjonen). For kvar gong den alkoholhaldige væska blir destillert, vil ho auke i styrke. Grunnen er at alkohol har lågare kokepunkt enn vatn, og for kvar destillering vil alkoholmengda auke i forhold til vatn.

Det kan lagast brennevin eller sprit av alle typar alkoholhaldige væsker. Som nemnt er alambic ein enkel type apparat, og sluttproduktet vil bere preg av råstoffet. Denne typen apparat bruker ein ved framstilling av naturleg brennevin.

Illustrasjon av ei enkel destillering av brennevin. Grafikk.
Destillering av brennevin. Enkelt destillasjonsapparat "Pot Still".
Akevitt til smalahove. Brandy og cognac i glass.
Konjakk og brandy i glas. Ulike typar akevitt til smalahove.

Kolonneapparat

Alambicen blir berre brukt til framstilling av forholdsvis låge spritstyrkar, 50–70 prosent. Skal ein lage rein, nøytral sprit på opptil 96 prosent, er det vanleg å bruke ein annan type apparat: kolonne- eller kontinuerleg apparat. Dette består av fleire høge kolonnar (opptil 10–12 meter) der væska sirkulerer heile tida (kontinuerleg). Inne i kolonnane blir spriten rektifisert (reinsa) for mellom anna fusel og andre uønskte smaksstoff. Sluttproduktet er altså rein nøytral sprit. Denne spriten blir så vidarebehandla til aromatisert brennevin. Dette apparatet blei funne opp av iren Aaenas Coffey i cirka 1830.

Illustrasjon av destillering av brennevin i et kolonneapparat. Grafikk.
Destillering av brennevin. Framstilling i kolonneapperat.
Kollasj: Brennevin med dry martini, tequila shot og drink med isbiter og lime.
På bildet ser du tequila shot, dry martini og drink med isbitar og lime

Læringsressursar

Brennevin