1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. SterkvinChevronRight
  5. Aromatisert sterkvinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Aromatisert sterkvin

Dei aromatiserte sterkvinane har ofte bakgrunn langt tilbake i tid då ein trudde at alkohol var helsedrikk. Det blei laga uttrekk frå plantar og urter som ein meinte hadde medisinsk verknad. Dei forskjellige produsentane har sine eigne beskytta oppskrifter, og dei utgjer smaksnyansar.

Kollasj: aromatisert sterkvin

Vermut

Den viktigaste ingrediensen er malurt, som på fransk er vermouth og på tysk Wermut. Dette er ei gammal medisinsk urt som gir ein bitter smak.

Fransk vermut er stort sett kvit og tørr. Utgangspunktet for fransk vermut er kvitvin som ein tilset litt sterkvin før han blir lagd på fat som blir lagra ute i opptil 5 år. Då oppnår han ein såkalla madeirisering. Så blir han sprita opp til cirka 18 prosent og tilsett forskjellige krydder- og urteuttrekk. Han får så eit kort lageropphald før han blir tappa på flasker. Han er tørrare enn den italienske, og nokre bartenderar bruker gjerne den til dry martini i staden for Martini dry som er den originale.

Kollasj: vermut

Italiensk vermut finst både som raud og kvit i fleire søtleiksgradar. Utgangspunktet for den italienske er òg kvitvin. Ein tilset druesprit og urte- og krydderuttrekk i vinen, og dei som skal vere søte, blir sukra. Eit unntak er rosévarianten som har rosévin som basis. Den italienske har ikkje eitt slikt langt lageropphald som den franske, men fleire. Vinane blir farga med sukkerkulør. Dei blir pasteuriserte og kaldstabiliserte før dei blir tappa. Av italiensk vermut finst desse typane:

  • Extra dry: tørr og kvit
  • Rosso: raud, søt og med ganske kraftig smak
  • Bianco: kvit og søt, men rundare og mindre søt enn den raude
  • Rosé: søtleg og noko mindre aromatisk enn dei andre

Dei mest kjende italienske merka er Martini og Cinzano, men det finst mange andre. I utgangspunktet har vermouth ein alkoholstyrke på 18–20 prosent, men før han blir seld her i landet, blir styrken sett ned til 15–18 prosent.

Aperitiff

Ein aperitiff er ein alkoholholdig drikk som nytast føre eit måltid, ofte samen med kjeks, oliven eller liknande. Omgrepet vert brukt både generelt om kvar og ein drikk som fortrinnsvis nytast på denne måten, og spesifikt om ein gruppe sterkvinar som er laga av uferdig vin tilsett brennevin og aromatiske stoffar. Navnet kjem frå latin aperire, som betyr «å opne», ettersom drinken opnar måltidet. Vi tek føre oss nokre av vinane her.

Kollasj: aperitif

Under aperitiffane finn vi mange forskjellige merkevinar som har det til felles at ein viktig ingrediens er kinin, som kjem frå kinabark. Kinin blir òg brukt i medisinsk samanheng og blei før nytta som febernedsetjande stoff mot malaria. Det er òg kinin som gir den bitre smaken i bitter lemon og grape soda. Dei mest kjende av desse aperitiffene er:

  • Dubonnet: fransk, raud og søt
  • St. Raphael: fransk, både raud og kvit, men begge ganske søte
  • Lillet: fransk, kvit med ein ganske karakteristisk kininsmak

Italienske Campari blir òg gjerne teken med under aperitiffane, sjølv om det eigentleg ikkje er ein vin. Han er laga på basis av sprit og vatn og blir tilsett kinin, smaksstoff, sukker og farge. Eit liknande produkt er Cinzano Bitter.

Læringsressursar

Sterkvin

SubjectEmne

Fagstoff