1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. SterkvinChevronRight
  5. MadeiraChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Madeira

Madeiravinen kjem frå den portugisiske øya med same namnet. Øya ligg i Atlanterhavet utanfor Afrikas kyst.

Kollasj: madeira

Historikk

På same måten som Kanariøyane var Madeira ein siste stoppestad for seglskutene før dei la ut på ferda mot Amerika i gamle dagar. Her fekk dei siste forsyninga av mat, vatn og vin. Då oppdaga ein noko nytt. Etter turen over Atlanteren hadde vinen endra karakter. Temperatursvingingane og bølgjerullinga hadde gjort vinen betre. (Det same er tilfellet med linjeakevitt.) Det var òg vanleg å tilsetje noko vinsprit til vinen for å gjere han meir haldbar, og dermed hadde ein opphavet til det som i dag er sterkvin. Men då seglskutene forsvann, forsvann òg opphaldet på Madeira. Dermed var det ingen skip til å ta vinen med på sjøreise. Dei ville då prøve å oppnå det same under produksjonen, og vi fikk ein spesiell måte å lage vin på.

Oppvarming

På same måten som med portvin blir noko av vinen beintrakka for turistar. Elles bruker ein same måten som for kvitvin for lyse typar og knusing som ved raudvin for mørke. Madeira finst både som tørr, halvtørr og søt. Etter ein gjæringsperiode på opptil to veker går vinen til estufaperioden (oppvarmingsperioden) der han blir varma opp til 45–55 °C i minst 90 dagar. Under denne oppvarminga får vinen det karakteristiske karamellpreget. Dei billigaste vinane blir varma opp i glaserte sementtankar, medan kvalitetsvinane blir lagde på trefat i lagerrom som blir varma opp. Alt etter kva type som blir laga, blir vinane så sprita opp til cirka 17 prosent når riktig søtleiksgrad er nådd, eller dei gjærar heilt ut og blir søta etterpå.

Ulike typer

Etter estufaperioden får vinane eit lageropphald på frå 2 til 10–20 år. Den yngste blir gjerne seld på bulk som matlagingsvin, medan dei finare blir selde på flaske med druenemning. Nemningane som blir brukte, er desse:

  • Sercial er den tørraste, lysaste og lettaste. Før var det vanleg med madeira til jamna supper. Då er det denne som bør brukast. Fargen kan minne om amontillado.
  • Verdelho er søtare og mørkare enn sercial. Det er kanskje den typiske «kosedrikken».
  • Bual: Her går vi endå eit hakk opp i fylde, søtleik og modnad. Han kan gå til ikkje alt for tunge dessertar.
  • Malmsey er den som passar best til dessert, med eit preg av karamell og kaffi. Madeira går greitt til is og kan gjerne òg matche sjokolade.

Madeira er svært haldbar. Hundre år gammal vin kan framleis vere fullgod. Han har òg god haldbarheit etter at han er opna, noko som er ei svakheit ved portvin.

bilde av Forskjellige typer madeira

Læringsressursar

Sterkvin

SubjectEmne

Fagstoff