1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinChevronRight
  5. Andre metodar for å laga musserande vinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Andre metodar for å laga musserande vin

Champagnemetoden er veldig omfattande og kostbar. Derfor er det utvikla ein del enklare metodar. Mest kjent er «den lukka behaldaren».

bilde av Musserende vin. Foto.

Lukka behaldar-metoden (cuvee-close-methode)

Kontroll av musserende vin på Wackerbarth slott. Foto.
Kontroll av musserende vin på Wackerbarth slott

Her går andregongsgjæringa føre seg på ein lukka tank i staden for på flaske som i Champagne. For å få vekk botnfallet blir vinen filtrert, og temperaturen blir sett ned til −4 °C før han blir tappa på flasker. Den låge temperaturen bind karbondioksidet til vinen slik at det ikkje forsvinn under tappinga.

Dette er ein mykje billigare produksjon, og vinen kjem hurtigare i sal, men kvaliteten er ikkje den same som for champagne. Musseringa (boblene) er heller ikkje så fin.

Transfer-/overføringsmetoden

Fylling av magnumflasker med musserende vin i Ungarn
Fylling av magnumflasker med musserende vin i Ungarn

Dette er ein mellomting mellom champagne- og tankmetoden. Andregongsgjæringa skjer på flasker, men i staden for den tungvinte måten ein fjernar botnfallet på i champagnen, blir vinen filtrert før han blir tappa over på nye flasker. Denne måten er mykje brukt i USA.

Karboniseringsmetoden

Denne metoden er den rimelegaste og blir ikkje sett på som heilt akseptabel av enkelte. Han går føre seg på same måten som ein lagar mineralvatn. Ein tilset rett og slett CO2. Denne metoden blir gjerne brukt på kvitvin av låg kvalitet. Karbondioksid kan dekkje over mangel på kvalitet. Boblene blir forholdsvis store og forsvinn raskt.

Glass med musserende vin
Glass med musserende vin

Dei forskjellige metodane blir brukte i dei fleste landa, inkludert champagnemetoden. Andre land som EU har handelsavtale med, har på si side ikkje lov å skrive dette på etiketten, så dei omtaler han som mehtode classic. Spania har si eiga nemning. Der kallar dei han cava.

I Italia bruker ein nemninga spumante om vanleg musserande vin, medan frizzante er ein vin med svak mussering.

I Tyskland blir musserande vin kalla Sekt. Har vinen denne nemninga, treng ikkje vinen ein gong vere tysk. Han kan komme frå eit anna land og berre vere gjord musserande i Tyskland. Ei anna generell nemning er Schaumwein. Berre kvalitet er det om vinen har nemninga Deutcher sekt. Då er vinen produsert i Tyskland. Den høgaste kvaliteten er Prädikatsekt.

I USA bruker vinprodusentane nemninga champagne på musserande vin, men han kan ikkje eksporterast.

Læringsressursar

Vin

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs