Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinChevronRight
  5. RosévinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rosévin

Rosévin kan ha litt forskjellige fargenyansar, men er rosa eller lys raud. Mange trur at ein får den rosa fargen ved å blande raudvin og kvitvin, men det er ikkje tilfellet. Rosévin blir laga av blå druer med ei maserasjonstid som er kortare enn for raudvin.

Kollasj: rosevin

Du hugsar kanskje at raudvin gjærar i cirka ei veke med skal/stein. Ved rosévin varer maserasjonen frå 12 timar til to–tre døgn, og det er grunnen til fargenyansane. Når maserasjonstida er over, blir druemassen pressa, og resten av gjæringstida går føre seg som ved kvitvin: utan skal og stein.

Rosévin finn vi både i tørre og halvtørre typar i tillegg til nokre som er svakt perlande, altså litt musserande. Rosévin har eigentleg kvitvinskarakter og blir servert i kvitvinsglas med kvitvinstemperatur. Rosévin kan brukast til lyst kjøtt og til kaldtbord/smørbrød der det blir servert både kjøtt og sjømat.

grafisk framstilling av rosévinproduksjon

Læringsressursar

Vin

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs