Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinChevronRight
  5. JordsmonnetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Jordsmonnet

Kvaliteten blir best om druestokken veks i skrinn jord med sand, grus og stein. Dette gir god drenering, og røtene til planten må strekkje seg langt ned i jorda for å få nok vatn og næring. Det er målt røter på 20–40 m.

Når jorda er steinhaldig, vil planten òg ta til seg mineral som påverkar smaken og fargen, for eksempel jern og kopar. Om ein plantar same druetypen i ulik jord, vil ein få forskjellige smaksnyansar på vinen.

Det speler òg inn om det er mykje stein på jordoverflata. For at drua skal bli moden og klare å produsere nok sukker, trengst det varme. Om dagen varmar sola opp steinane som så gir frå seg varme utover kvelden, og sukkermengda aukar.

Læringsressursar

Vin

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs