Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinChevronRight
  5. DruaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Drua

Drua består av skal, fruktkjøtt, stein og stilk.

Kollasj: druer
På bildet ser du ulike druer som vert nytta til vinproduksjon. Drua består av skal, fruktkjøt, stein og stilk.


På skalet finn vi:

  1. Gjærsopp som ligg utanpå skalet og kan sjåast som eit gråkvitt belegg.
  2. Tannin (garvestoff) som er eit naturleg konserveringsmiddel og aukar haldbarheita til vinen. Dette har litt bitter smak, og om du tyggjer på skal eller druestein, kjenner du at du blir tørr på tunga. Det er garvestoffet.
  3. Pigment, fargestoff som set farge på raudvin. Vi har jo òg pigment i vårt skinn, og det er pigmentet som gjer at vi blir brune.

I fruktkjøttet finn vi sukker og vatn, i tillegg til ein del syrer og esterarar som gir smak og aroma.

I steinane finn vi òg tannin.

Stilkane inneheld så mykje tannin at dei aller fleste produsentane unnlèt å ta med stilkane i produksjonsprosessen. Drueklasane heller ein i ein maskin som skil stilken frå druene.

Læringsressursar

Vin

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs