Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinChevronRight
  5. VinhistorikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vinhistorikk

Vinplanten Vitis vinifera, som er føresetnaden for det meste av vinproduksjonen, reknar ein med at oppstod ved foten av fjella i Kaukasus i det som i dag er Georgia, Tyrkia og Irak, 8000–6000 år f.Kr.

På biletet ser du eit egyptisk kryptmaleri øvst t.v., eit romersk vinbutikkskilt og ei nonne som luktar på vin. T.h
På biletet ser du eit egyptisk kryptmaleri øvst t.v., eit romersk vinbutikkskilt og ei nonne som luktar på vin. T.h Ein gamal vinbutikk i Pompeii.

I Det gamle testamentet blir vinen nemnd fleire stader. Noko av det første Noah skal ha gjort då han steig i land frå Arken etter syndfloda, var å lage til ei vinmark. Det som i dag er Libanon, laga moglegvis vin cirka 3000 år f.Kr. Egearane skal òg ha laga vin på denne tida. Fønikarane var eit handelsfolk, og dei spreidde kunnskapen om vindyrking til Hellas. Grekarane sette stor pris på vinen og fekk etter kvart ein omfattande vinproduksjon (ca. 2000 år f.Kr.).

Handelsmenn og emigrantar frå dei austlege middelhavslanda spreidde vinproduksjonen vidare til Roma. Under stordomstida herska Romarriket over store delar av Sør-Europa, Midtausten og delar av Nord-Afrika. Dei spreidde vinplantar rundt i desse landa.

Vinproduksjon og religion

Produksjon og servering av vin har lange tradisjonar i kyrkja og klostrane.
Produksjon og servering av vin har lange tradisjonar i kyrkja og klostrane.

Kyrkja og klostera blei opptekne av å lage vin, og dei hadde både landeigedommar, pengar og tid til å vidareutvikle vinen. Vinproduksjonen steig jamt i Vest-Europa og minska i aust. Den kulturelle utviklinga med kristendommen i vest hadde ein positiv verknad på vinproduksjonen, medan utbreiinga av islam i aust verka hemmande. Muhammeds lære forbaud folk å drikke vin og førte til at vinen delvis forsvann frå fleire av dei områda han opphavleg kom frå.

Dei store oppdagingsferdene frå slutten av 1400-talet gjorde sitt til å spreie vinkulturen vidare. Misjonærar planta dei første vinstokkane for å sikre tilgangen på altervin spesielt i Mexico, California og seinare i Argentina. Etter misjonærane kom det immigrantar frå vinproduserande land i Europa. Dei såg på vin som ein naturleg del av dagleglivet og vidareførte tradisjonane sine. Engelskmenn som kom til Australia og New Zealand, og hollendarar som kom til Sør-Afrika, var ikkje opphavleg vinprodusentar, men dei hadde lært seg å setje pris på vin og innførte vinstokken til desse landa.

Læringsressursar

Vin

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs