Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Drikkevarer

Mat og drikke heng nøye saman. Ein god drikk som passar til maten kan løfte heile måltidsopplevinga.

Glass med ulik drikke skåles mot hverandre. Foto.

Ein servitør må ha god kunnskap om drikkevarer når han skal presentere, tilrå og servere drikke. Ein kokk må òg ha gode kunnskapar for å kunne bidra til den beste smaksopplevinga.

Det er først og fremst vin vi tenkjer på når vi snakkar om drikke i samband med mat. Størstedelen av dette emnet handlar derfor om vin. Men også alkoholfrie alternativ og kaffidrikkar blir presenterte.

Emner

Drikkevarer

  • Øl

    I dette emnet blir du kjend med ølbryggingsprosessen og dei ulike ingrediensane som gir ølet særpreg, og du lærer korleis ein kan kombinere øl og mat.

  • Vin

    I dette emnet blir du kjend med dei ulike prosessane som må til for å lage vin, dei viktigaste vinområda, og kva for mat og vinkombinasjonar som harmonerer.

  • Sterkvin

    I dette emnet blir du kjend med dei vanlegaste typane av sterkvin og bruksområda deira.

  • Brennevin

    I dette emnet får du vite meir om korleis dei vanlegaste brennevinstypane blir framstilte.

  • Vinområde

    I dette emnet skal vi ta for oss dei mest kjende vinlanda og regionane deira.

  • Vi har lista opp nokre av dei vanlegaste orda og uttrykka du vil komme over når du jobbar med drikkevarer.

  • Alkoholfritt

    På festlege arrangement bør gjesten alltid ha tilbod om alkoholfri drikke. Det finst i dag ei rekkje ulike alkoholfrie drikker på marknaden.

  • Kaffi

    Kva er eigentleg skilnaden på ein espresso og ein cappucino? I dette emnet får du kjennskap til dei vanlegaste typane og kva dei inneheld.