Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. SkaldyrChevronRight
  5. Tillaging av skaldyrChevronRight
  6. Å lage til sniglarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å lage til sniglar

Her kan du lese om tillagingsmåtar for nokre vanlege etande sniglar: olbogeskjel, kongsnigel, strandsnigel og vinbergsnigel.

kollasj med bilder av snegler, kongsnegl, vinbergsnegl og strandsnegl
1) Pastarullar med sniglar og spinat. 2) Fylte sniglar. 3) Sniglar med persillesaus.

Nokre vanlege etande sniglar:

  • olbogeskjel
  • kongsnigel
  • strandsnigel
  • vinbergsnigel

Olbogeskjel

bilde av et albuskjell
Albuskjell

I olbogeskjel er det sugeskiva som er den delen vi kan ete. Sugeskiva mel eller finhakkar vi, blandar henne med hakka graslauk og smaker til med salt, pepar og litt kajennepepar. Av dette lagar vi kaker som vi steikjer i smør.

Kongesnigel

Lag ein farse av innmaten. Bland ½ liter farse med ½ liter hakka lauk og 30 g kokt skinke. Av farsen lagar vi bollar som vi steikjer i olje.

Strandsnigel

bilde av vanlige strandsnegler
Strandsnegl

Strandsnigelen kan etast rå, steikt i skalet eller kokt i sjøvatn eller saltvatn. Han er ferdig kokt eller steikt når det vesle loket som sit ytst på foten, fell av. Maten kan trekkjast ut med ei bøygd nål eller liknande. Til strandsniglar kan vi servere majones, smelta smør eller ein cocktailsaus og rista loff.

Vinbergsnigel

Etter vasking og koking blir denne snigelen ofte laga til med kvitlaukssmør i eige skal.

Læringsressursar

Tillaging av skaldyr

SubjectEmne

Fagstoff