Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. SkaldyrChevronRight
  5. Skaldyr i norske farvatnChevronRight
  6. ØstersChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Østers

Østersen veks på grunne bankar ned til eit par meters djupn. Flatøstersen, som vi ser bilete av over, er den einaste østersen som finst naturleg i Noreg, og han er den som er mest etterspurd i Europa.

Flatøsters. Foto.

I tillegg kan vi også få kjøpt den såkalla stillehavsøstersen eller djupøstersen. Han er smalare, langstrekt og lettare å få til i oppdrett.

Fram til midten av 1800-tallet var østers vanleg langs heile kysten, og til dels store mengder vart hausta. Sidan trekte østersen seg tilbake, og han finst no berre i soloppvarma pollar og grunne område nord til Trøndelag. Ein vasstemperatur på rundt 15 °C er nemleg ein føresetnad for at østersen skal kunna skifta kjønn frå hanne til hoe.

Ei mengd uåpna stillehavsøsters. Foto.
Stillehavsøsters, Crassostrea gigas, er innført til Europa og har spreidd seg til norske farvatn. Han kan verta opptil 15 cm høg og vega opptil 1,5 kg.

Østersen bygg opp rogn og mjølke frå våren og fram mot gyting på seinsommaren, men han gyter berre dersom temperaturen vert høg nok. Egga vert befrukta inne i kappehola, og larvane held seg der den første veka før dei forlèt mora. Deretter sym dei fritt før dei festar seg til underlaget og tek til på livet som fastsitjande.

I dag produserer vi også yngel i klekkeri eller ved å kombinera klekkeri og østersbasseng.

Hausting

Østers vert hausta av dykkarar eller ved hjelp av ei rive med håv.

Stillehavsøsters

Denne østersen er innført til Europa fordi det er lett å få han til i oppdrett. Sør i Europa driv dei oppdrett på arten, og derifrå har han spreidd seg nordover til norske farvatn. Han er klassifisert som ein innvaderande, uønskt art i Noreg. Det er usikkert kva følgjer den nye arten får for flatøstersen vår. Havforskingsinstituttet oppmodar oss til å hausta østersen og varsla funn.

Bruk

Østersen er rekna som ei svært eksklusiv matvare. Han vert oftast servert rå med litt sitron og tabasko. Vi kan også varmebehandla østersen og gratinera han.

Matrett med østers. Foto.
Tartar av kamskjel, aure og østers.

Næringsinnhald

Østers inneheld mykje sink og har eit høgt innhald av andre sporstoff som kopar, fosfor, jern og niacin.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Østers

Hugselappen

Sesong

Heile året, men østers er best på hausten, vinteren og våren.

Utbreiing

I grunne, godt soloppvarma område om sommaren frå svenskegrensa til Sandnessjøen.

Storleik

Opptil 10 cm i diameter.

Med andre ord

Latin: Ostrea edulis

Engelsk: Flat oyster, common oyster

Fransk: Huître plate

Tysk: Austern

Læringsressursar

Skaldyr i norske farvatn

SubjectEmne

Fagstoff