Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. SkaldyrChevronRight
  5. Skaldyr i norske farvatnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Taskekrabbe

Taskekrabba er den vanlegaste krabba i Noreg. Ho held til på havbotnen, frå grunne strandområde og ned til 300–400 meters djupn. I Noreg finst ho vanlegvis på djup ned til 50 meter og i område med mykje stein.

Taskekrabbe. Foto.

Krabba livnærer seg av død fisk, musling og mark. For å knusa harde skal er krabba utrusta med ei form for tenner i magesekken. Vi veit ikkje kor gammal ei krabbe kan verta. Hoa har breiare haleklaff enn hannen, medan hannen har flatare ryggskjold og større klør.

Krabba gyter om hausten etter at ho er vorten kjønnsmoden, vanlegvis frå femårsalderen. Hoa ber egga med seg under halen gjennom vinteren til dei vert klekte på sommaren. Krabbelarvane driv omkring i havet dei første fire til seks vekene før dei slår seg ned på botnen.

Fangst og fangstreiskapar

Krabbefangsten går hovudsakleg føre seg på hausten sidan kvaliteten då er best. Krabba vert fanga med teiner eller garn, og vert også teken som bifangst.

Bruk

Krabba vert seld levande, kokt, reinsa i skal, djupfryst eller hermetisk. Kokt krabbe vert brukt naturell, men ho kan òg lagast til i eigne retter eller som tilbehøyr til andre sjømatretter. Prøv ein rømmedressing med urter og chilipepar som variant til majonesen når du skal servera krabbe naturell.

Kokt krabbe naturell. Anrettet med loff, smør, majones og sitron. Foto.
Kokt og reinska krabbe kan etast som ho er.

Næringsinnhald

Krabbe er ei god kjelde til vitamin B12, selen og sink.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Krabbe

Hugselappen

Sesong

Haust og vinter

Utbreiing

Heile norskekysten opp til Troms

Storleik

4–6 kg og maksimal skjoldbreidd på 30 cm

Med andre ord

Latin: Cancer pagurus

Engelsk: Brown crab

Fransk: Tourteau

Tysk: Taschenkrebs, Kurzschwanz-Krebs

Læringsressursar

Skaldyr i norske farvatn

SubjectEmne

Fagstoff