1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. Korn og bakingChevronRight
  5. MassarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Massar

Her kan du lese om korleis du går fram for å lage ulike massar: piska massar, rørte massar og forvella massar.

Ulike slags kaker på eit bord. Foto.
Vassbakkels, blautkake, gulrotkake, bringebærmoussekake, sjokoladekake, sitronterte med marengslok og muffins med marsipanmargerittar.

Rørte massar

  • Rør smør/margarin og farin kvitt.
  • Rør inn eitt egg om gongen.
  • Sikt saman bakepulver, mjøl og eventuelle andre smaksstoff.
  • Tilset mjølblandinga vekselvis med væska.
  • Rør deigen raskt saman og fyll han i ei godt smurd form.
  • Steik ved 160–175 °C i cirka 45 minutt.

Eksempel på variantar av rørte massar:

  • marmorkake
  • toscakake
  • eplekake
  • fruktkake

Video

Slik lagar du formkake:

Piska massar

  • Visp egg og farin til eggedosis.
  • Bland mjøl (eventuelt nøtter og mandlar) med bakepulver og sikt det saman.
  • Bland det forsiktig i eggedosisen.
  • Fyll massen i smurd form og steik ved 160–175 °C.

Eksempel på variantar av piska massar:

  • marengs
  • nøttebotn
  • rullekake
  • sukkerbrød
  • sjokoladekake

Video

Slik lagar du sukkerbrød:

Forvella massar

  • Kok opp vatn, margarin og eventuelt salt i ein kjele.
  • Sikt mjølet oppi mens du rører kraftig.
  • Når massen slepp kjelen, tek vi kjelen av varmen.
  • Avkjøl massen litt.
  • Rør inn eitt og eitt egg til ein glatt masse.
  • Massen må ikkje vere så tynn at han flyt utover etter sprøyting.
  • Steik ved 200 °C i cirka 20–30 minutt.

Eksempel på forvella masse

  • Vassbakkels
Vannbakkels med moccakrem. Foto.
Vassbakkels med moccakrem.

Læringsressursar

Korn og baking

SubjectEmne

Fagstoff