1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. Ville nyttevekstarChevronRight
  5. Spiskammers i skog og markChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Spiskammers i skog og mark

Om våren dekkjer naturen opp eit grønt tapasbord. Gratis, sunt, kortreist og blotta for tilsetningsstoff! Årets første vårvarme lokkar dei friske, grøne rosettblada til marikåpa opp av bakken.

Sevjetapping. Foto
BJØRKEDRIKK: i bjørk, ein slange og ein behaldar. Meir treng du ikkje for å lage ein vårfrisk bjørkedrikk, fortel Ann-Louise Fransson.

– Snart er det tid for å plukke inn, seier Ann-Louise Fransson entusiastisk.

Vi sit midt i spiskammeret hennar: På den gamle slåtteenga, og i bakken opp mot låven, her veks mykje av det ho brukar i kjøkenet: meldestokk til lasagne, skvallerkål til salatar og paiar, brennesler til brød og suppe. Litt lenger borte, i skogen, har ho det ho treng til ein vårfrisk bjørkedrikk og ein sirup kokt på granskot.

– Eigentleg er det ingen grunn til å kjøpe halvfabrikata når så mykje godt og sunt veks rundt omkring oss, meiner Ann-Louise som er urteterapeut og naturguide.

Overlever

Mange fnyser kanskje forakteleg ved tanken på å ha ugras på tallerkenen. Samtidig har kunnskapen om kva som kan etast av vekstane i naturen, mange gonger vore avgjerande for overlevinga til menneska. Før i tida var ville vekstar ein viktig base i kosthaldet. Dei tronge økonomiske forholda for folk flest gjorde at dei måtte ta vare på alt som var etande. I dag handlar den nyvakna interessa både om å kunne klare seg i naturen, om smak og om helse. – Ville vekstar har eit naturleg mangfald av næringsstoff som ein dyrka plante, gjødsla med kunstgjødsel, aldri kan få. Ofte dreier det seg om forskjellige viktige sporstoff, seier Ann-Louise Fransson.


Te av mjødurt

En kopp med urtete og urter. Foto
I TEKOPPEN: Heile sommaren får plass i ein kopp te laga på mjødurt, ringblomster og litt gullris.

Ann-Louise byr på te laga av tørka mjødurtblomstrar, smakssett med ringblomster og gullris. Teen er sommarleg og frisk, han motverkar halsbrann og er mildt smertelindrande – ettersom innhaldet av salicin i mjødurtblomstrane vert omdanna til salisylsyre i kroppen.

Sunne salatar

Ann-Louise har fylt frysaren med meldestokk, skvallerkål og brennesle. Dei ville vekstane er perfekte som grunnstamme i salatar, supper, gryter og gratengar. Og i det gamle kjøkenskapet til oldemora er det full av glas med handskrivne etikettar: myrhatt, hagtorn, blåbærblad, lindeblomstrar, roseblad. Dei tørka plantedelane vert brukte til urtete og som smaksforsterkar, og har i mange tilfelle lækjande eigenskapar.

Flasker med urteoljer og urtelikører. Foto.
URTER: Du kan lage dine eigne oljer, eddikar og likørar med smak av skog og eng.

– Grunnregel nummer ein er at ein må vite kva ein brukar, seier Ann-Louise. Nokre vekstar er skadelege eller direkte giftige. Men med kunnskap og erfaring kan ein utvide utvalet av urter ein brukar. Grunnregel nummer to handlar om å ta vare på naturen, fortel Ann-Louise:

– Når eg plukkar noko, tar eg berre så mykje at det ikkje viser at eg har vore der.

Vill salat

Forskjellige typar blad kan blandast, som eit godt og miljøvennleg alternativ til butikksalaten. Komponer din eigen miks med spede blad frå bøk, lønn, lind, engsyre, løvetann, gaukesyre og almefrø.

Plukkesesong

Om våren er blada spede og næringsrike. Då plukkar du blant anna brennesle, skvallerkål, bjørkeblad, lindeblad, almefrø, løvetann og meldestokk.

  • Ikkje plukk i vegkantar, på grunn av avgassar og vegstøv.
  • Plukk med måte, slik at du ikkje utarmar naturen på staden.
  • Bruk unge, friske blad.
  • Vit kva du plukkar!

Hugselappen

  • Kunnskap om kva som kan etast av vekstane i naturen, har vore viktig for å overleve.
  • Ville vekstar har eit naturleg mangfald av næringsstoff.
  • Vi må vite kva vi plukkar, for nokre vekstar er skadelege eller direkte giftige.

Læringsressursar

Ville nyttevekstar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter