Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. Ville nyttevekstarChevronRight
  5. Konservering av ville nyttevekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konservering av ville nyttevekstar

Kva for konserveringsmetode som eignar seg best, er avhengig av kva for plantar som skal konserverast.

Nyttevokstrar langs ein sti. Foto.
Langs stiar i skog og mark kan ein finne ulike nyttevekstar som mellom anna skvallerkål, løvetann og nesle.
Elever skreller geiterams. Foto
Her skreller elevar ved Levanger vidaregåande skule geitrams, og gjer han klar for forvelling og frysing.

Ved all konservering er det viktig at råvarene blir hausta når dei er på sitt beste, for å behalde mest mogeleg av smak og næringsinnhald. Rett konserveringsmetode, emballasje og oppbevaring er avgjerande for at dei skal halde seg lenge.

Dei mest brukte konserveringsmetodane til ville vekstar er tørking og frysing.

Tørking

Før den industrielle revolusjonen drog ein nytte av naturen når produkta skulle tørkast, ved å la produkta henge tørt over tid. Grønsaker, urter og sopp vart tørka på denne måten.

Av dei ville vekstane er det mest urter og blad som blir tørka. Når ein nyttar denne metoden for grøne blad som nesle og bjørk, beheld ein den fine grønfargen i blada.

Dame plukker nytteveksten marikåpe. Foto.
Marikåpe kan brukast som dei andre nyttevokstrane, og er god i retter som stuingar og supper.
  • I dag finst det særskilde tørkarar for å tørke nyttevekstar som sopp og urter. Dei fungerer slik at ein legg produktet lagvis utover eigna plater, og med ein valfri temperatur blæs ein varmluft gjennom produkta. Kombinasjonen av tørr og varm luft tørkar ut produkta på ein svært effektiv måte.
  • Ein varmluftsomn innstilt på låg temperatur, under 50 °C, eller eit varmeskap med døra på gløtt fungerer òg godt. Råvarene kan ein leggje utover brett med bakepapir.
  • Ein annan måte å tørke på er å henge urter i buntar. Råvarene som skal tørkast, bør ikkje skyljast, fordi faren for muggdanning og tap av vitamin og smak vil auke.

Etter tørkeprosessen må ein oppbevare urtene i tette glas eller boksar. Smak og duft tapar seg elles rask. Dei bør nyttast innan eitt år.

Frysing

Geiterams som er skrelt. Foto
Geitrams som er skrelt og klar til forvelling. Geitrams kan erstatte asparges.

Frysing er ein relativt enkel og rask måte å konservere matvarer på. Det er den konserveringsmetoden som best tek vare på den opphavlege smaken, fargen, konsistensen og næringsverdien til næringsmiddelet.

Emballasjen som ein frys nyttevekstar i, må vere lufttett, til dømes tette boksar, plastposar og vakuumposar som ein vakuumerer.

Innfrysningstemperaturen bør vere så låg som mogeleg, helst ned mot –30 °C.

Det kan vere smart å fryse ned i små mengder. Alt må merkast, slik at det er lett å kjenne att. Små pakkar gjer tineprosessen enklare, og ein treng ikkje å tine for mykje om gongen.

Forvelling

Bladurter som brennesle blir best dersom dei blir forvella før frysing. Dette gjer ein ved å ha dei i kokande vatn tilsett salt og koke dei i om lag 1 minutt, før ein avkjøler dei i isvatn. Sil vekk alt vatnet og ha dei i den lufttette emballasjen.

Krydderplantar som ramslauk og karse bør ikkje forvellast, men frysast i rå form. Dette gjeld òg for løvetann og skvallerkål.

Hugselappen

Sesongen for enkelte av dei etande ville vekstane er svært kort, så det er viktig å hauste på rett tidspunkt.

Læringsressursar

Ville nyttevekstar