Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. DessertChevronRight
  5. Varme dessertarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Varme dessertar

Her finn du oversyn over varme dessertar og framgangsmåte for nokre av dei.

Varme dessertar

  • dessertsupper
  • fruktbeignet
  • fruktdessertar
  • omelett
  • krutong
  • timbal
  • pai
  • pannekaker
  • pudding
  • sufflé

Dessertsupper

  • bær- og fruktsupper
  • grynsupper
  • mjølkesupper

Dessertsupper blir mest brukte i institusjonar.

Dessertsupper

Fruktbeignet

  • Frukta blir ofte marinert i likør.
  • Tørk frukta godt, dypp henne i frityrrøre og steik i nytt frityrfeitt ved 180 °C.
  • Steik til ho er gyllen og legg på porøst papir.
  • Vi kan òg drysse ho med melis og glasere i salamander.
  • Server med ein dessertsaus.

Fruktdessert

  • Bruk faste frukter som eple og pærer.
  • Skrell frukta og ta ut kjernehuset.
  • Fyll kjernehuset med for eksempel farin og kanel.
  • Steik frukta i ei smurd form i omnen med litt sukkerlake i botnen.
  • Frukta kan òg bakast inn i butterdeig før ho blir steikt i omnen.
  • Steik i cirka 10–20 minutt ved 200 °C.
Varme dessertar med frukt

Omelett

  • Slå egg, farin og salt lett saman og steik blandinga som ein vanleg omelett i ei varm, smurd panne.
  • Fyll omeletten og kvelv han over på eit fat.
  • Drys over farin og lag gittermønster med glødande jern.

Omelett kan òg lagast som sufflé.

  • Bland eggeplommer, vatn og melis lett saman.
  • Pisk eggekvitane stive og bland dei inn i massen.
  • Hell blandinga i smurd panne og steik henne i omn ved 200 °C på nedste rille.
  • Når omeletten er gyllenbrun, set han på øvste rille eller i salamander og steik ferdig.
  • Ha frukt på den eine halvdelen. Brett over og kvelv omeletten over på eit fat.
Dessertomelett

Pai

  • Lag deigen først. Bland mjøl, margarin og salt.
  • Tilset vatn og arbeid deigen raskt saman til ei fast kule.
  • Dekk deigen med plast og lat han kvile kaldt i minimum 30 minutt.
  • Fôr ei paiform med eit jamt lag deig. Lat deigen stikke cirka 2 cm over kanten.
  • Prikk deigen godt med ein gaffel og steik han i cirka 15 minutt ved 200 °C.
  • Ta ut forma og avkjøl.
  • Fyll forma med oppdelt frukt.
  • Drys på farin og eventuelt andre smaksstoff.
  • Reinskjer forma og pensle med egg.
  • Legg eit deiglok over, som skal prikkast og penslast med egg.
  • Steik paien i cirka 35–40 minutt ved 200 °C eller til loket er gyllenbrunt og frukta mjuk.
Sesampai med kryddersirup

Pannekaker

  • Rør saman egg og farin.
  • Tilset mjølet og rør til ein jamn masse.
  • Rør inn kokande margarin.
  • Rør inn mjølk og eventuelle smaksstoff.
  • Lat røra kvile cirka 30 minutt.
  • Steik tynne pannekaker på middels varm panne.

Timbalar

  • Kle ei smurd timbalform i botnen og på sidene med ein briochedeig, mørdeig eller skiver av sukkerbrød.
  • Fyll forma med krem eller fruktkompott.
  • Legg eit lok av deig på forma.
  • Deigloket må ha eit lite hòl på midten, slik at dampen slepp ut.
  • Steik timbalen ved 200 °C til deigen er ferdig.
  • Kvelv timbalen på fat og masker han med fruktsaus.
Desserttimbal

Læringsressursar

Dessert