Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. DessertChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Dessertar tillagingsmetodar – temaoppgåve

Dette er ei oppgåve der du må bruke kunnskapane dine til forskjellige tillagingsmetodar for dessertar.

Tallerken med bærkompott. Foto.
Bærkompott

Målet med denne oppgåva er at du skal

  • vise at du kan nytte forskjellig tillagingsmetodar for dessertar

Informasjon til oppgåvene

Klassa blir delt inn i grupper på 3 eller 4. Den teoretiske oppgåva skal løysast som ei kombinert skuleoppgåve og heimearbeid. Den praktiske oppgåva skal løysast på skulen.

Teoretisk oppgåve:

De skal setje opp eit forslag til ein ny dessertmeny for Ternen restaurant i Kristiansand. Kjøkkensjefen ønskjer 6 forskjellige dessertar som passar i julesesongen.

Han påpeikar at han ønskjer variasjon mellom varme og kalde dessertar.

Det må følgje med oppskrift til alle forslaga. Denne skal leverast inn til avtalt tid for rettleiing og tilbakemelding.

De skal berekne mengd til 4 personar.

Praktisk oppgåve:

Gruppene lagar to av dessertane frå den teoretiske delen. Kvar dessert skal vere laga til for 4 personar.

Etter avtale med læraren skal de servere alle dessertar til prøvesmaking. Som oppsummering av undervisningsøkta skal kvar gruppe forklare framgangsmåten for sine dessertar for resten av klassa.

De må avtale tidspunkt for servering med læraren.

Vurdering:

De blir vurderte etter

  • smak og konsistens på dessertane dykkar
  • heilskapleg inntrykk av dessertforslaga
  • variasjon i smak, farge og tillagingsmetodar

Læringsressursar

Dessert

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter