Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. GrønsakerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Oppkutta frukt

Dersom du kuttar opp frukta før du serverer ho, vil du sjå at alle et dobbelt så mykje. Rekn omtrent 200 g eller 6–8 bitar per person når du skal servere frukt eller grønsaker oppkutta som snacks. La skalet vere på, då er det lettare og reinslegare å ete med fingrane.

Tallerken med oppdelt fruktblanding. Foto.
Oppdelt frukt

Kor mange bitar blir det, og korleis bør eg kutte opp frukta?

  • 1 kg appelsinar = 32–40 båtar med skal
  • 1 kg kiwi = 40 båtar med skal
  • 1 kg banan = 28 bitar (kvar banan i 2–3 delar med skal)
  • 1 kg druer = 100 stk., heile
  • 1 kg eple = 64 båtar utan kjerne
  • 1 kg melon = 30–35 trekantbitar med skal
  • 1 kg honningmelon = 35 trekantbitar med skal
  • 1 ananas (ca. 1 kg) = 30 bitar utan skal eller trekantbitar med skal

Annen frukt:

  • Mango – i båtar med skal eller som terningar utan skal og med cocktailpinne
  • Pasjonsfrukt – del i to
  • Jordbær – heile
  • Stjernefrukt – i skiver
  • Physalis – heile
  • Litchi – med skalet på (blir ete utan skal og stein)
  • Ferske dadlar – heile
  • Ferske fikenar – del i to
  • Papaya – i båtar med skal eller som terningar utan skal og med cocktailpinne

Tips:
Kuttar du opp eple? Prøv ein epledelar, han tek bort kjernen og deler eplet i båtar. Når du kuttar opp eple eller pærer, kan du leggje dei i litt sitronvatn, så unngår du at fruktkjøttet blir brunt.


Når du deler opp ein ananas, skal du skjere bort den litt stivare kjernen i midten. Fersk ananas kan verke mageregulerande og er derfor ypparleg som dessert etter ein tung middag.

Slik kuttar du opp mango: Steinen er flat, så du skal skjere på kvar side av han slik at du får to halvdelar. Deretter rutar du opp fruktkjøttet i kvar halvdel og vrengjer skalet bakover.

Når du kuttar opp ein melon med steinar, bør du dele han i to og fjerne steinane med ei skei før du skjer han opp.

Vaska og rive lime- eller sitronskal er godt over oppskoren frukt, i fruktsalat eller i ein varm dessertwok.

Til barna kan du òg dandere figurar av frukt på ein tallerken. Kva med å lage eit fruktspyd av den oppkutta frukta? Delikat, dekorativt og godt.

Skjer frukt og grønsaker (for eksempel melon, jordbær, kålrot og agurk) i tynne skiver, og klipp skivene slik at dei liknar på fiskar, krokodillar eller haiar. Ha fiskane i ein "akvariebolle" med kaldt vatn. Fest ein fiskekrok av ståltråd i enden av eit snøre, og la barna prøve fiskelykka. Desse fiskane kan etast rå!

Læringsressursar

Grønsaker