Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. PotetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Førebuande tillaging av poteter

Poteter som er forkokte, er ikkje ferdig tillaga, men dei er gjort klare for vidare tillaging.

kollasj av fløtestuede poteter og gratinerte poteter

Vi forkoker poteter i:

  • olje
  • vatn

I olje

Tørk dei ferdigkutta potetbitane i papir. Kok dei nesten igjennom i olje ved cirka 135 °C. Etter forkokinga legg vi dei på papir til avrenning.

I vatn

Legg potetene i kokande vatn som så vidt dekkjer dei, og la dei trekkje i 2–6 minutt, alt etter størrelse og fasong.

Forkoking av poteter

Potettillagingar som skal forkokast i olje:

  • poteter frites
  • pont-neuf

Potettillagingar som skal forkokast i vatn:

  • fondantpoteter
  • kokottpoteter
  • nøttepoteter
  • pariserpoteter
  • rissoléepoteter
  • slottspoteter

Læringsressursar

Potet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter