1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. PotetChevronRight
  5. Poteter tillagingsmetodar – temaoppgåveChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Poteter tillagingsmetodar – temaoppgåve

Dette er ei oppgåve der du må bruke kunnskapane dine om forskjellige tillagingsmetodar for poteter og om forskjellige potetsortar og eigenskapane deira.

Potetskreller

Målet med denne oppgåva er at du skal:

  • vise at du kan nytte forskjellig tillagingsmetodar for poteter
  • vite kva for bruksområde dei forskjellige potetsortane har

Vurdering:

De blir vurderte etter

  • smak og konsistens på potetrettene relevant og
  • rett informasjon i den brosjyren de lagar

Informasjon til oppgåvene

De må planleggje oppgåvene slik at de kan jobbe med både den teoretiske og den praktiske oppgåva samtidig. Det er sett av ei undervisningsøkt på 7 timar til oppgåvene. Klassa skal delast inn i grupper på 3 eller 4 elevar.

Teoretisk oppgåve

Poteter

De skal lage ein brosjyre som viser ei oversikt over 6 forskjellige potetsortar (valfrie).

Informasjonen som skal vere med, er:

  • namn
  • bruksområde (mos, salat, kokte, bakte, lefser, osv.)
  • utsjånad
  • oppskrifter på dei to tillagingane dykkar med bilete av ferdig rett. Sjå praktisk oppgåve

Praktisk oppgåve

Kokker lager mat

Kvar gruppe får utlevert 1 kg poteter kvar.

De må sjølve bestille den sorten de ønskjer å nytte til dei oppskriftene de har fått.

  • Etter avtale med læraren skal de servere alle rettene til prøvesmaking.
  • Som oppsummering av undervisningsøkta skal kvar gruppe forklare framgangsmåten for potetrettene for resten av klassa.

Annan info:

Gruppe 1 lagar remulade.

Gruppe 2 lagar grøn salat.

Gruppe 3 lagar bearnéssaus.

Gruppe 4 dekkjer borda.

De må avtale tidspunkt for måltid og mengder med læraren.

Gruppe 1

De skal lage

  • fløytegratinerte poteter
  • potetmos

Gruppe 2

De skal lage

  • pommes frites
  • nøttepoteter

Gruppe 3

De skal lage

  • slottspoteter
  • bakte poteter

Gruppe 4

De skal lage

  • cendrepoteter
  • dampkoka poteter

Læringsressursar

Potet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter