1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. EggChevronRight
  5. Egg tillagingsmetodar – temaoppgåveChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Egg tillagingsmetodar – temaoppgåve

Dette er ei oppgåve der du må bruke kunnskapane dine om tillagingsmetodar for egg og bruksområde for forskjellige eggeretter.

Hvite og brune egg

Målet med denne oppgåva er at du skal

  • vise at du kan nytte forskjellige tillagingsmetodar når du lagar til egg
  • vite kva for eggeretter som passar til å servere til frukost, lunsj og som forretter

Informasjon til oppgåvene

De må planleggje oppgåvene slik at de kan jobbe med både den teoretiske og den praktiske oppgåva samtidig. Det er sett av ei undervisningsøkt på 7 timar til oppgåvene. De skal vise presentasjonen for heile klassa. Det blir sett av 1 time til denne. Tidspunkt for presentasjonen må de avtale med læraren.

Teoretisk oppgåve

De skal lage ein presentasjon (PowerPoint/Keynote) om tillagingsmetodar for egg. Presentasjonen skal innehalde informasjon om:

  1. Brune og kvite egg
  2. Bruksområde/tillagingsmetodar for andeegg og vaktelegg
  3. Kva for tillagingsmetodar og eggeretter som passar å servere til:
    1. frukost
    2. lunsj
    3. forretter
    4. presentasjonsfilmen de skal lage

Praktisk oppgåve

I dag skal vi lage ein buffé av eggeretter. Kvar gruppe skal lage en liten film som viser korleis de lagar rettene. Ta opp filmen med kameratelefon og rediger han i Movie Maker eller iMovie. Dere må selv finne oppskrifter til de rettene dere skal lage.De må sjølve finne oppskrifter til dei rettene de skal lage. De må avtale mengdene med læraren. Klassa blir delt inn i grupper på 3 eller 4.

Etter avtale med læreren skal alle rettene serveres til prøvesmaking.

Annan info:

Gruppe 1 lagar grove rundstykke og finn fram smør.

Gruppe 2 lagar grøn salat.

Gruppe 3 lagar dressing.

Gruppe 4 dekkjer lunsjborda.

De skal leggje opp eggerettene dykkar på fat. De må avtale tidspunkt og mengder med læraren.

Gruppe 1

De skal lage

  • omelett
  • eggerøre

Gruppe 2

De skal lage

  • posjerte egg
  • eggetimbal

Gruppe 3

De skal lage

  • fritert egg
  • eggetimbal

Gruppe 4

Dere skal lage

  • fylt egg
  • kokottegg

Vurdering:

De blir vurderte etter

  • smak og konsistens på eggerettene
  • korleis de legg opp rettene (utsjånad og bruk av fargar)
  • målretta og rett informasjon i presentasjonen

Læringsressursar

Egg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter