Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fiskeartar i norske farvatnChevronRight
  6. BrosmeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Brosme

Brosma er ein saltvassfisk. Kroppsforma minner om ei lita lange, men ho er meir lubben og har dessutan berre éin samanhengande ryggfinne. I Noreg er brosma vanleg i djupare fjordar på Vestlandet og langs kontinentalskråninga. Ho finst på 50–1000 meters djupn, men er vanlegast mellom 200–500 meter.

Brosme. Foto.

Brosma søkjer seg til harde og djupe område, og ho held seg gjerne på same staden gjennom heile livet. Brosma gyter mellom april og juni i eit område mellom Skottland, Færøyane og Island. Både egg og yngel flyt omkring like under overflata. Yngelen livnærer seg av plankton, medan vaksne brosmer lever av botnfisk og krepsdyr.

Fangst og fangstreiskapar

Det norske fisket skjer heile året, i nord hovudsakleg langs eggakanten til cirka 72° nord. Det vert òg teke litt brosme som bifangst i trål. Det er hovudsakleg banklineflåten frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som står for fisket i sør.

Bruk

Brosmefilet med hollandaisesaus og ertepurre. Foto.
Brosmefilet med hollandaisesaus og ertepuré.

Brosma vert seld som ferske eller frosne filetar eller lettsalta filetar. Brosma har eit fast fiskekjøtt med ein smak som kan minna om hummar, og ho kan lett lagast til i små stykke i woken. Kjøttet er saftig og fint, og i tillegg til steikte retter er ho veleigna i omnsbakte retter. Lettsalta filet kan kokast eller brukast som ingrediens i mange ulike retter.

Næringsinnhald

Brosma er ein mager fisk og ei god proteinkjelde. Ho inneheld òg mykje vitamin B12.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Hugselappen

Sesong

Heile året

Storleik

Opptil 110 cm og 15 kg

Utbreiing

Brosma lever i det nordlege Atlanterhavet.

Med andre ord

Latin: Brosme brosme

Engelsk: Tusk, cusk

Fransk: Brosme

Tysk: Lumb

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn