Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fiskeartar i norske farvatnChevronRight
  6. BrislingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Brisling

Brislingen liknar silda, men storleiken er betydeleg mindre. Han er ein pelagisk stimfisk som har stor utbreiing, men finst sjeldan på større djup enn 150 meter. I Noreg gyter fjordbrislingen kvart år i Oslofjorden og ved den austlege delen av Skagerrakkysten. Enkelte år gyter han òg i fjordane mellom Lindesnes og Farsund og i enkelte fjordar på Vestlandet.

Svømmende brisling. Foto.

Fangst og fangstreiskapar

Fisket etter fjordbrisling skjer i hovudsak i fjordane i Sør-Noreg. Fangstane vert sette i «lås» eller steng i minst tre døgn for at tarmen skal tømma seg før fisken går til fabrikkane. I tillegg vert det drive fiske etter havbrisling i Nordsjøen. Brisling vert fanga med snurpenot.

Bruk

Egg med ansjos. Foto.
Av brisling vert det laga ansjos, som er vanleg å eta til egg.

Brislingen vert for det meste seld frosen eller i vidareforedla form. Brisling er eit viktig råstoff for næringsmiddelindustrien, og i Noreg vert hermetiske påleggsprodukt av brisling selde som sardinar og ansjos. Fersk brisling kan steikast og grillast. Arten vert òg mykje brukt til fiskemjølproduksjon.

Næringsinnhald

Brisling er ei god kjelde til omega-3-feittsyrer og vitamin D og har òg eit høgt innhald av vitamin B12.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Hugselappen

Sesong

Juni–januar

Storleik

14–15 cm, opptil 15 g

Med andre ord

Latin: Sprattus sprattus

Engelsk: Sprat

Fransk: Sprat, esprot

Tysk: Sprotte

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn