Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fiskeartar i norske farvatnChevronRight
  6. UerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Uer

Det finst tre artar av uer i norske farvatn. Dei som vert fiska for sal, er vanleg uer og snabeluer, medan lusueren er for liten. Ueren lever langs kontinentalskråninga på 100–500 meters djupn, men han er òg fanga på 900 meter. Han livnærer seg hovudsakleg av krepsdyr og fisk.

Uer. Foto.
Uer sett forfra. Foto.
Ueren lever på djupt vatn. Når han vert teken opp til overflata, vert auga sprengde på grunn av trykkforandringa.

Kjønnsmoden vanleg uer har næringsområdet sitt i Barentshavet, der paringa skjer i august–oktober. Egga vert derimot først befrukta i februar–mars. Ueren legg ikkje egg som dei fleste andre fiskar, men føder i staden levande avkom. Dei vert fødde på djupt vatn og er då 5–7 mm lange.

Bestand

Bestanden er rekna som sårbar, derfor er fisket strengt regulert.

Fangst og fangstreiskapar

Dei største uerfangstane vert tekne med garn, trål og snurrevad i Nord-Noreg. Bifangst av uer vert teke heile året over store delar av norsk økonomisk sone og i Svalbard-sona.

Bruk

Ueren vert seld som ferske filetar, salta heil fisk eller filetar. Ferske filetar kan steikjast og grillast. Uer er òg ein utmerkt fisk til wokretter, og han taklar både chilipepar, kvitlauk og soyasaus. Salt uer passar derimot best til koking med tradisjonelt tilbehøyr som rotgrønsaker og poteter.

Tallerken med uer, poteter og grønnsaker. Foto.
Lettsalta uer er tradisjonsmat. Her er han servert med eggesmør, kokte mandelpoteter og kokte rotgrønsaker.

Næringsinnhald

Feittinnhaldet i uer kan variere ein del, men vanlegvis er det cirka 1 gram omega-3-feittsyrer per 100 gram filet. Uer er i tillegg ei god proteinkjelde.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Hugselappen

Sesong

Heile året

Utbreiing

Nord-Atlanteren

Storleik

Opptil 100 cm og 15 kg

Med andre ord

Latin: Sebastes spp.

Engelsk: Redfish

Fransk: Sébaste, Chèvre

Tysk: Rotbarsch, Goldbarsch

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn

SubjectEmne

Fagstoff