Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fiskeartar i norske farvatnChevronRight
  6. RaudspetteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Raudspette

Raudspetta er ei høgresnudd flyndre som vi kjenner att på den grå eller brune og glatte augesida med mange raude flekker. Ho lever på grunt vatn, men kan gå ned til 250 meters djupn. Ho et muslingar, pigghudingar og andre botndyr.

Rødspette. Foto.

Raudspetta vert rekna som ein stadbunden art, men når gytetida nærmar seg, kan ho vandre langt til bestemte gyteplassar. Dei viktigaste gytefelta for raudspette i Nordsjøen er sør for Doggerbank, der ho oppheld seg mellom november og april. Yngelen sym fritt rundt i havet og vert ikkje flatfisk før dei er blitt 15 mm lange. Då søkjer dei ned og lever resten av livet på botnen.

Hode av rødspette. Foto.
Raudspetta er ei høgresnudd flyndre. Det vil seia at auga sit på høgresida av kroppen.

Bestand

Bestanden av raudspette er ikkje tilfredsstillande, og forvaltningsplanane har som mål å byggja opp ein berekraftig bestand igjen.

Fangstreiskapar

Raudspette vert fiska med botntrål, snurrevad eller botngarn.

Bruk

Raudspetta vert seld fersk som heil fisk og filetar eller som frosne filetar. Raudspetta kan steikjast, kokast og grillast. Ho kan òg panerast og frityrsteikjast, og ho vert servert med pommes frites som den kjende retten fish and chips.

Pannestekt torsk med løk, potetstappe og baconsjy. Foto.
Panert raudspette med persillesaus

Næringsinnhald

Raudspette inneheld vitamin A og D. Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Hugselappen

Sesong

Juli–desember

Utbreiing

Langs vestkysten av Europa.

Storleik

Vanlegvis 25–40 cm og opptil 7 kg, men enkelte hoer kan verta 95 cm.

Med andre ord

Latin: Pleuronectes platessa

Engelsk: Plaice

Fransk: Plie, Carrelet

Tysk: Goldbutt, Scholle

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn