Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fiskeartar i norske farvatnChevronRight
  6. Hyse (kolje)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hyse (kolje)

Hysa eller kolja er ein botnfisk som finst på 40–300 meters djup. Ho trivst best på flate område med sand, leire eller grus. Ho livnærer seg av små botndyr, blekksprut og fisk. Ung hyse i Barentshavet er relativt stadbunden, medan større fisk gjer lange vandringar. Mellom anna vandrar ho ned mot kysten av Nord-Noreg og til skråningane ved Tromsøflaket for å gyta.

Hyse (kolje). Foto.

Hysa vert kjønnsmoden i to–fem-årsalderen, når ho er mellom 40 og 60 cm lang. Dei viktigaste gytefelta er i Nordsjøen, langs eggakanten (kontinentalskråninga) frå Møre og Romsdal og ved Sørvest-Island og Færøyane. Yngelen driv med havstraumane og søkjer seg mot botnen når dei er 8–11 cm lange. Hysa kan verta opptil 20 år gammal.

Fisk på hjell. Foto.
Hyse vert også tørka på hjell.

Fangst og fangstreiskapar

Hysa er ein av dei viktigaste matfiskane våre. Fisket skjer i hovudsak i kystnære farvatn, men i nord òg på fiskebankane i austlege delar av norsk økonomisk sone. Hysa fiskar vi heile året, men det er eit spesielt fløytlinefiske på kysten av Aust-Finnmark om sommaren. Fisket etter hyse i Nordsjøen er òg eit heilårsfiske, der hyse inngår som éin av fleire matfiskartar i fangstane. Utanfor Møre og Trøndelag vert det fiska etter hyse med line og garn om sommaren. Dei viktigaste fangstreiskapane som vert brukte, er snurrevad, trål, line og garn.

Bestand

Bestanden av hyse nord for 62° nord er i god forfatning og produserer årsklassar som vil gi grunnlag for eit godt hysefiske framover. Hysebestanden i Nordsjøen har òg vore god, men fleire svake årsklassar dei seinare åra har ført til meir restriktive kvotar.

Bruk

Hysa vert seld fersk som filetar eller heil fisk, som frosne filetar eller salta og røykt. Hysa kan steikjast og kokast og eignar seg godt til fiskemat som fiskekaker, fiskebollar og fiskepudding.

Hjemmelaget fiskepudding i form. Foto.
Vi bruker hyse i ulike typar fiskemat, som for eksempel fiskepudding.

Næringsinnhald

Hyse er ei god proteinkjelde og inneheld òg vitamin B12, pyridoksin og selen. Ho har òg eit gunstig forhold mellom natrium og kalium.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Hugselappen

Sesong

Heile året

Storleik

Opptil 110 cm og 19 kg, sjeldan over 80 cm.

Med andre ord

Latin: Melanogrammus aeglefinus

Engelsk: Haddock

Fransk: Églefin

Tysk: Schellfish

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn