Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fiskeartar i norske farvatnChevronRight
  6. KveiteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kveite

Kveita er den største av alle flyndrefiskane. Ho har auga på den grå sida, og blindsida er kvit. Som ung finst ho ved kysten og på relativt grunt vatn, medan store kveiter vanlegvis held til på 300–2000 meters djup.

Kveite. Foto.

Kveita et fisk som ho jagar langs botnen. Ho vandrar langt på jakt etter mat, gjerne over 1000 km. Hoa kan bli 50 år gammal og hannen cirka 30 år.

Nærbilde av kveitehode. Foto.
Den vaksne kveita har auga på høgresida. Denne sida er grå og vender opp. Den andre sida kallar vi blindsida, og hos kveita er den sida kvit.

Hannen blir kjønnsmoden når han er 5–7 år gammal, hoa når ho er 7–8 år. Viktige gyteområde ved sida av norskekysten er Færøyane, på ryggen mellom Grønland, Island og Skottland, i Danmarksundet, Davissundet og på bankane ved Newfoundland. Gytinga skjer i perioden desember–mai på 300–700 meters djup, i djupe groper på havbanken langs kysten eller i fjordane. Hoa kan då leggje opptil 3,5 millionar egg. Egg og larver flyt deretter fritt omkring i vassmassane fram til yngelen har fått auga over på ei side, og han slår seg til på havbotnen.

Kveiteyngel. Foto.
Yngelen er først symmetrisk som annan fisk. På eitt tidspunkt vandrar auga over på den eine sida, slik vi ser på dette biletet. Når auga er på høgresida, seier vi at fisken er høgrevridd.

Fangst og fangstreiskapar

Kveita er ein art som toler fangst og uttak dårleg. Ho er stadbunden, veks langsamt og er seint kjønnsmoden. Forutan minstemål og avgrensa maskevidd er det forbode å fiske kveite med garn, trål, snurrevad eller andre bundne reiskapar i tidsrommet frå 20. desember til 31. mars.

Oppdrett

Etter mange år med forskings- og utviklingsarbeid er kveita etablert som oppdrettsart. Noreg er blant dei leiande produsentane av både yngel og matfisk.

Bruk

Kveite blir seld fersk eller frosen i skiver, filetar eller som heil fisk. Kveite kan brukast til svært mykje, og kan steikjast, kokast og grillast. Ho har kvitt og delikat kjøtt og er dronninga blant fiskane – den sjølvskrivne festfisken.

Mange stader blir kveita kalla for hellefisk. Dette kjem av at ein på gammalnorsk kalla kveita for «heilagr fisk», den heilage fisken. At kveita var verdsett allereie i steinalderen, ser vi på helleristingane. Det var nok stor jaktlykke å få ei kveite på fleire titals kilo.

Mykje av oppdrettskveita blir brukt til sushi.

Kullgrillet villkveite og høst terrin . Foto.
Villkveite grilla på kol, og haustterrin.

Næringsinnhald

Kveita er ei god proteinkjelde. Ho er ein mellomfeit fisk og inneheld om lag 1 gram omega-3-feittsyre per 100 gram filet. Ho også ei god kjelde til vitamin D.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Hugselappen

Sesong

Villfanga: april–desember
Oppdrett: heile året

Storleik
Opptil 3 meter, vekt opptil 300 kg

Med andre ord
Latin: Hippoglossus hippoglossus
Engelsk: Altlantic halibut 

Fransk: Flétan de l’Atlantique 

Tysk: Heilbutt

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn