Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fiskeartar i norske farvatnChevronRight
  6. LaksChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Laks

Laksen er anadrom. Det vil seie at han gyt i ferskvatn og lever det meste av livet i havet. Etter to til fem år i elva gjennomgår lakseyngelen ei forandring som gjer han i stand til å leve i saltvatn. Denne prosessen kallar vi smoltifisering.

Atlantisk laks i havet. Foto.

Når lakseyngelen er blitt smolt, forlèt han elva og dreg ut i havet. Etter to til fire år i havet blir han kjønnsmoden og startar gytevandringa tilbake til elva han kom frå.

Parr, lakseyngel. Foto
Lakseyngelen blir kalla parr. Legg merke til dei typiske fingermerka på sida.

Utbreiing

Atlanterhavslaks er utbreidd i det nordlege Atlanterhavet. Her vandrar den kjønnsmodne laksen inn til kystane og opp i elvane for å gyte. Noreg har mange lakseførande vassdrag.

Laks på vei opp fossen. Foto
Stillehavslaks på vei opp fossen

Fangst

Fisket etter villaks har tradisjonelt vore knytt til laksen si vandring mot land for å gyte. I dag er fisket strengt regulert og er i hovudsak berre for sportsfiskarar. Dette vil seie at tilgangen på villaks er avgrensa.

Oppdrett

Noreg har vore ein pioner i utviklinga av lakseoppdrett og har sidan gjennombrotet med sjøbasert oppdrett i 1970-åra halde på posisjonen sin som den leiande produsenten i verda av atlantisk laks. Som kyst- og eksportnæring har laksenæringa blitt svært viktig for Noreg. Den store produksjonsveksten, som for alvor skaut fart i 1980-åra, har medverka til at laksenæringa i dag står for om lag 50 prosent av den samla eksportverdien (tal frå 2008) av norske fiskeprodukt.

Bildet viser laksemerder i rekke. Foto.
Oppdrettsanlegg, merder, er eit vanleg syn langs norskekysten.

Bruk

Laks blir seld fersk eller djupfrosen i skiver, som filetar eller som heil fisk. Laksefileten kan òg vere graven, kaldrøykt og varmrøykt. Fersk laks kan brukast rå til sashimi og sushi, han kan kokast, steikjast og grillast og er utmerkt i wok- og gryteretter. Røykt laks kan brukast som pålegg eller i salatar, pasta og i andre kombinasjonar.

Laks, laksefilet og små laksebiter. Foto.
Laks er ei råvare som blir brukt på mange måtar. Laks kan etast rå som sushi.

Næringsinnhald

Oppdrettslaksen er ernæringsmessig eit glimrande produkt. Han inneheld mykje omega-3-feittsyrer og er rik på dei feittløyselege vitamina A og D. I tillegg er laks ei god proteinkjelde.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Hugselappen

Sesong:

Fangst av villaks går føre seg om sommaren. Oppdrettslaks blir omsett heile året.

Storlek:

Vill laks kan bli opptil 1,5 meter lang og vege opptil 45 kg.

Med andre ord:

Latin: Salmo salar

Engelsk: Atlantic salmon

Fransk: Saumon atlantique

Tysk: Lachs

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn