Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fiskeartar i norske farvatnChevronRight
  6. ÅlChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ål

Ålen er ein fisk som høyrer til ålefamilien. Kroppsforma til ålen er lett gjenkjenneleg og svært karakteristisk. Gjellespaltene har vakse saman til ei lita spalte ved brystfinnen, og ålen er i stand til å vandra over korte landområde i fuktige netter. Bukfinnar manglar, og skjela er små og sit djupt i huda. Ålen har eit tjukt skinn.

Ål. Foto.

I Noreg har vi berre ein reell forvekslingsart: havålen. Skilnaden mellom artane er at ålen har svakt underbit, medan havålen har tydeleg overbit. Ryggfinnen startar langt bak på ryggen hos ålen, og like bak den bakre kanten på brystfinnane hos havålen. Hoene vert størst. Dei kan verta opptil 1,33 meter og vega 6,6 kilo. Hannen vert normalt opptil 50 cm.

Bruk

Dette er ein viktig økonomisk fisk, og han vert utnytta som både røykt og kokt. Den mest vanlege varianten hos oss er røykt ål.

Biter av røkt ål. Foto.
Røykt ål er eit populært innslag på svenske julebord.

Næringsinnhald

Ålen er ein feitthaldig fisk, og derfor ei god kjelde til umetta og fleirumetta feittsyrer, vitamin A, protein, kalium og fosfor.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Hugselappen

Sesong

Populariteten og mystikken rundt ålen har medverka til at han er på den internasjonale raudlista over truga artar. Han vart totalfreda 1. juli 2009. Det er sendt ut tilråding til sportsfiskarar om å sleppa han ut att om dei er så uheldige å få han på kroken.

Utbreiing

Finst frå Svartehavet, Middelhavet, Kanariøyane, Madeira og Asorane til Island og Kvitsjøen, og i heile Østersjøen.

Med andre ord

Latin: Anguilla anguilla

Engelsk: Eel

Tysk: Aal

Fransk: Anguille

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn

SubjectEmne

Fagstoff