Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fiskeartar i norske farvatnChevronRight
  6. PigghåChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Pigghå

Pigghåen er den vanlegaste haiarten vår. Han er utbreidd langs heile norskekysten. Han lever på djupner ned til 400 m, og opptrer ofte i stimar på fleire tusen individ. I dag vert han hovudsakleg fanga på grunn av det velsmakande kjøtet. Hoene vert opptil 160 cm og kan vega over ni kilo, medan hannane som regel vert 90 cm lange og 6–7 kilo.

Pigghå. Foto.

Dei viktigaste kjenneteikna på denne haien er den typiske haiforma, mangelen på gattfinne, piggen framfor kvar ryggfinne, og dei små, kvite prikkane på sider og rygg. Ryggfinnane er giftige og kan gi ubehag om ein kjem i kontakt med dei. Fargen er grå på oversida, med ein jamn overgang til lysare farge på buken. 
Tennene er skarpe og sagtakkete.

Pigghåen er ein bruskfisk. Når bruskfiskane døyr, vert det utvikla ammoniakk, og dette må vi ta omsyn til ved lagring og tillaging.

Pigghå på is. Foto.
Pigghå på is i fiskehandlardisken. Kjøtet smakar godt, men krev rett behandling frå starten.

Bruk

Pigghåen har vore kjend som ein «ufisk», men er vorten meir brukt i matlaging i dei seinare åra. Tidlegare var det levra og olje frå pigghåen som vart brukt. I seinare tid har ein òg brukt kjøtet meir og meir. I England vert kjøtet brukt i den populære retten fish´n chips. 
 Pigghåen eignar seg best som panert og steikt på grunn av det lause kjøtet, 
men han vert òg brukt som dampa og røykt.

Røkt pigghå på tallerken. Foto.
Røykt pigghå er populært på danske kaldtbord.

Næringsinnhald

Pigghå er ei god kjelde til natrium, kalium, D-vitamin, protein, feittsyrer og fosfor.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Hugselappen

Sesong

Det er fiske etter pigghå heile året.

Storleik

Pigghåen er ein liten hai, men han kan verta over éin meter lang.

Utbreiing

Han finst langs heile norskekysten, og elles over heile verda. Han vert sett på som ein trua art.

Med andre ord

Latinsk: Squalus acanthias

Engelsk: Spurdog

Fransk: L’aiguillat commun

Tysk: Dornhai

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn