Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fiskeartar i norske farvatnChevronRight
  6. KvitingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kviting

Kvitingen høyrer til torskefamilien. Han har ein munn med tydeleg overbit og skarpe tenner. Store individ manglar ofte skjeggtråd. Framfor brystfinnen har han ein mørk flekk. Fargen er sølvaktig med beige til oransje skjær.

Hvitting. Foto.

Kvitingen er ein typisk fiskeetar, og ein av dei viktigaste rovfiskane i Nordsjøen. Han et for det meste augepale, tobis, krepsdyr og sild, men tek òg ein del yngel av torsk, hyse og kviting.

Utbreiing

Kvitingen er vanleg i Aust-Atlanteren frå Gibraltar til Island og Noreg. Han er svært vanleg langs norskekysten nord til Trøndelag, noko meir sjeldan heilt nord til Aust-Finnmark. Kvitingen er vanlegvis ein botnfisk som lever på 10–200 meters djupn, men han går også oppover i vassmassane. Kvitingen vert kjønnsmoden når han er om lag to år gammal. Då er han 25–30 cm lang. I fem–seks-årsalderen er han vel 40 cm.

Kviting er ein populær sportsfisk, som vert størst på Nordvestlandet og i Trondheimsfjorden. Norsk sportsfiskerekord er på 3,115 kg. Gytinga går føre seg i store stimar frå januar til juli, på 40–100 meters djupn.

Fersk fisk. Foto.
Fersk, nyfanga kviting til sals på kaia.

Bruk

Det kvite, velsmakande kjøtet til kvitingen gjer han til ein ettertrakta matfisk. På Sørlandet kallar ein kvitingen for «havets kylling» på grunn av smaken på kjøtet. Det vert teke mykje kviting saman med andre torskefiskar i trål og snurrevad, særleg i Nordsjøen. Kvitingen vert laga til som andre torskefiskar. Steikt, dampa, bakt, i supper, gryter, som fiskekaker osv.

Fisketerrin med laks og hvitting. Foto.
Fisketerrin med laks og hvitting

Næringsinnhald

Kviting er ei god kjelde til natrium, kalium og protein. Han inneheld òg andre viktige mineral.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Hugselappen

Sesong

Heile året.

Storleik

Opptil 40 cm og 3 kg.

Utbreiing

Aust-Atlanteren frå Gibraltar til Island. Langs norskekysten nord til Trøndelag, noko meir sjeldan lenger nord.

Med andre ord

Latinsk: Merlangius merlangus

Engelsk: Whiting

Fransk: Merlan

Tysk: Wittling

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn

SubjectEmne

Fagstoff