Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. Kraft, jamning, saus og suppeChevronRight
  5. Jamna supper og klare supperChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Jamna supper og klare supper

Det er to hovudgrupper av supper: Jamna supper og klare supper.

bilde av en Sterk og syrlig buljong
Sterk og syrlig buljong

Jamna supper

  • brune supper
  • kremsupper
  • nasjonale supper
  • veloutésupper
  • purésupper
Jevnede supper
Jamna suppe
Purésupper
Purésupper

Klare supper

  • buljong
  • klara buljong
  • klare, jamna supper

Buljong

Buljong blir kokt som kraft, men i tillegg til bein bruker vi òg kjøt.

Buljong
Framgangsmåte klara buljong (consommé)

Bland saman oppkutta grønsaker, eggekvite og klarekjøt i ein kjele. Ha i kald kraft og bouquet garni. Set kjelen på varm plate og varm opp væska til ho begynner å koke. NB! Rør i blandinga heile tida til «klaringa» flyt opp. Då må du ikkje røre lenger. Lat buljongen småkoke i cirka 2 timar. Lat buljongen kvile cirka 15 minutt. Sil så forsiktig gjennom eit klede og degraisser eventuelt buljongen. Smak til og tilset garnityr.

  • Klarekjøt: grovmalt skankekjøt fra storfe
  • Consommé: klara buljong med grovmale kjøtt og eggekvite
  • Degraissere: å skumme feittet av kraft, supper, sausar og liknande

Suppegarnityr

  • bakverk
  • egg
  • gryn
  • grønsaker
  • kjøt
  • pasta
  • suppebollar
Suppegarnityr
Suppegarnityr

Læringsressursar

Kraft, jamning, saus og suppe

SubjectEmne

Fagstoff