Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Hygiene og mattryggleik

I restaurant- og matfag må du heile tida tenkje på hygiene. Kunnskapen din og haldningane dine til hygiene er avgjerande for å kunne servere trygg mat. Vi har eigne lover og forskrifter for næringsmiddel som handlar om at vi ikkje skal utsetje oss sjølve eller andre for sjukdom gjennom mat/drikke.

To kokkar kuttar blomkål. Foto.

Vi kan skilje mellom ulike former for hygiene, men felles for dei alle er at vi kjempar mot mikroorganismane. Vi ønskjer ikkje at dei skadelege mikroorganismane skal øydeleggje maten vår eller gjere oss eller andre sjuke.